Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fylkeslege Sjur Lehmann er i statsråd i dag utnemnd som ny direktør for Statens helsetilsyn.
12.01.2024
Satsane er justert med 3,8 prosent frå første januar i tråd med anslaget for vekst i konsumprisane i Nasjonalbudsjettet for 2024.
02.01.2024
Statsforvaltaren har gjennom behandling av fleire klagesaker sett at Bergen kommune ikkje organiserer avlastingstilbodet til barn og unge under 18 år i tråd med lovkrava. Vi har difor opna tilsyn.
21.12.2023
Helsedirektoratet har lansert fleire verktøy og ressursar for allmennlegar, tilsette i helse- og omsorgstenestene og pårørande til personar med demens.
19.12.2023
Statsforvaltaren skal auke kunnskapen om og gjennomføringa av FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i alle kommunar. Vi ber difor om kontaktpersonar.
Ukrainske flyktningar som fyller inngangsvilkåra i sosialtenestelova paragraf 29 har rett på kvalifiseringsprogram.
Helseteknologiordninga skal støtte innføring av ny teknologi i helse- og omsorgstenesta, og føre vidare satsinga på velferdsteknologiområdet. Søknadsfristen er 15. januar.
18.12.2023
Tilsynet viser at kommunen ikkje klarer å finne eit mellombels butilbod for dei som ikkje klarer det sjølv, og at kvaliteten på tenestetilbodet ikkje er god nok.
12.12.2023
Evakueringa frå Gaza av personar med tilknyting til Noreg, har igjen aktualisert behovet for psykososial beredskap. Vi oppmodar kommunane om å ha merksemd på å tilby psykososial støtte og oppfølging i akutte situasjonar, for å førebygge og avhjelpe allereie oppståtte traume.
07.12.2023
Statens helsetilsyn planlegg tilsyn etter folkehelselova, i alle kommunane i landet i 2024. Temaet er kommunen sitt systematiske folkehelsearbeid med å fremje god psykisk helse hos barn og unge.
17.11.2023