Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
I Vestland er det no 585 fjøs der mjølkekyrne står på bås. Desse har i snitt ein mjølkekvote på 98 tonn. Gjennom Storfeprosjektet i Vestland vert det arbeidd målretta for at flest mogleg av desse skal leggje om til lausdrift.
06.03.2023
Noreg treng meir energi, og jordbruksareal ute av drift vert vurdert som aktuelt for etablering av større solparkar.
02.03.2023
Statsforvaltaren i Vestland inviterer kommunane til teamsmøte om tilskotsordninga ved avløysing ved sjukdom og fødsel m.m. onsdag 29. mars.
01.03.2023
Mange kommunar sender no ut brev for å avklare kvifor jordbruksareal ikkje er i drift. Då må eigar gje tilbakemelding til kommunen på om det er aktuelt å starte opp eiga drift eller leige ut areal til andre.
Kunnskapskonferansen er for deg som er interessert i kva som skjer i mat- og drikkeindustrien, landbruket, handelen og i forvaltninga.
27.02.2023
Den årlege utdanningsmessa i Bergen i januar synte stor interesse for naturbruk. Truleg var over 1000 elevar innom naturbruksstanden i løpet av to dagar.
24.02.2023
Forskings- og utgreiingsinstitusjonar, fag- og næringsorganisasjonar kan søkje om støtte til praktisk retta utgreiings- og informasjonsprosjekt som fører til auka kunnskap om meir miljøvenleg matproduksjon tilpassa eit endra klima. Søknadsfristen er 31. mars 2023.
20.02.2023
Klimarådgiving er i vinden. No vert dette premiert med tilskot gjennom RMP, og ekstra mjølkepris frå TINE.
08.02.2023
Trass i store nedbørsmengder og mykje vandring for både folk og fe, har sauebøndene i Vestland levert i sesongen 2022. Godt samarbeid, mykje aktivitet og lite rovdyr syner igjen med lågt tap av beitedyr.
03.02.2023
Vi tilrår vern av Osøyra som naturreservat, eit stort område rikt på regnskogskvalitetar i Kinn kommune. Med status som naturreservat vil naturverdiane i disse områda bli godt varetekne for framtida.