Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
I det vestlandske fjordlandskapet vert det produsert mat- og reiselivsopplevingar i verdsklasse. 20 utvalde lokalmatverksemder frå Fjord Norge reiser januar 2022 til messa Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin.
29.10.2021
Det er vedteke endring i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket § 4. Landbruksforvaltninga får betre verktøy til å følgje opp mellom anna inngrep som øydelegg kulturlandskapet.
28.10.2021
For tredje år på rad arrangerer Bondens marknad kurs i småskala grønsaksdyrking etter marknadshageprinsippa. I år legg kurset vekt på marknadshagebonden som entreprenør innan lokalmat.
27.10.2021
Lokalt klima er avgjerande for kva ein kan dyrke, og vurdering av dette er svært nyttig for å lukkast. Statsforvaltaren i Vestland har utarbeida temakart med oversikt over klimasoner.
07.10.2021
I mai vart det innført ei midlertidig ordning som opna for tilskot til opplæring av arbeidstakarar i grøntnæringa. Midlar over ordninga blir tildelt fortløpande uavhengig av søknadsfrist 15. november.
06.10.2021
Målet med webinaret er at kommunen skal få kjennskap til noko av det som skjer innan klima i landbruket. Tema som vil bli presentert er klimaprosjektet i Vestland, klimakalkulatoren og klimarågjeving på gardsnivå.
04.10.2021
Midlane til fylkesvise prosjekt i Vestland frå Klima- og miljøprogrammet er fordelte for 2021. Prosjekt som styrkar kunnskapsgrunnlaget om klimavennleg driftspraksis vart prioriterte.
28.09.2021
Korleis kan vi saman byggje eit sterkt og klimavennleg landbruk for framtida? Dette var hovudtema på konferansen på Voss 15.-16. september.
20.09.2021
I haust arrangerer Skogselskapet i Sogn og Fjordane i samarbeid med kommunane og Statsforvaltaren eit mangfald av skogdagar i heile fylket. Interessa blant skogeigarar er stor og arrangementa er godt besøkte.
10.09.2021
Statsråd Olaug Bollestad lanserte nytt Matgledekorps i Vestland.
03.09.2021