Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Anne Catherine Fasmer Eide tek over rolla som avløysar for fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand frå 14. april, medan Mari Severinsen er i permisjon.
06.04.2021
Vipene startar hekkesesongen på Herdla i desse dagar. Vipa er i alvorleg tilbakegang og er sterkt truga. Du kan hjelpe vipa når du går på tur i området ved å halde hunden i band, og sjølv kun gå på oppmerka sti og veg.
25.03.2021
Miljødirektoratet har vedteke nye forskrifter. Mange vassdrag i Vestland blir no stengt for fiske, og det blir ikkje lengre opna for sjølaksefiske på kysten sør for Finnmark.
Osterøy heradsstyre har vedteke ein økonomiplan for 2022 - 2024 i balanse og blir derfor meld ut av Robek. Kommunen sitt budsjett- og økonomiplanvedtak for 2021 - 2024 er godkjent.
Vi har fått i oppdrag frå Utdanningsdirektoratet å nominere skular til Dronning Sonjas skulepris.
Den 19. mars vart 15 skogområde i tre fylke verna som naturreservat ved kongeleg resolusjon. To av områda ligg i Vestland. Hopslia på grensa mellom Samnanger og Bjørnafjorden, og utviding av naturreservatet Gulbergnotten i Ullensvang. Naturreservata er oppretta gjennom ordninga med frivillig skogvern.
24.03.2021
Ein pasient ved Kreftavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus døydde som følgje av overdosering med cellegift. Statsforvaltaren har konkludert med at helsehjelpa pasienten fekk ikkje var forsvarleg.
23.03.2021
Kartlegging av korallførekomstar er verdifullt med tanke på å auke kunnskapsgrunnlaget rundt desse viktige og sårbare naturtypane. No skal fem område i ytre Hardangerfjorden kartleggast.
Påskeferien nærmar seg. Det er viktig å følgje nasjonale og lokale råd og reglar for å hindre smitteauke. Det overordna reiserådet er det same som før: Unngå alle unødvendige reiser.
19.03.2021
Bremanger kommune er innmeldt i Robek og Statsforvaltaren har godkjent budsjett 2021 med ei låneramme på 16 mill. kroner.
16.03.2021