Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Fylkesmannen har gitt innspel til konkrete betringar i plan- og tiltaksprogrammet til den regionale planen for vassforvalting som er under arbeid.
09.01.2015
Det er venta skikkeleg ruskevêr i Rogaland fredag og laurdag. Mykje vind og høge bølgjer gjer at folk bør vera varsame.
08.01.2015
Det er nå full semje mellom kommunen og Fylkesmannen om ny kommuneplan for Suldal 2014-2025. Det er klart etter eit meklingsmøte tysdag.
07.01.2015
Fylkesmannen har gitt Rogaland bondelag løyve til skadefelling av ein jerv i kommunane Hjelmeland og Suldal. Løyvet gjeld i tida frå 1. januar 2015 til og med 31. januar 2015
02.01.2015
Fristen for å søkje om midlar frå Miljødirektoratet for å ta vare på kystlynghei og andre trua naturtypar er 15. januar 2015. Både privatpersonar, lag, organisasjonar og kommunar kan søkje.
19.12.2014
Klima er på dagsorden, og i Rogaland har vi eit stort potensiale for å nytte meir trebasert bioenergi. 28. januar 2015 arrangerer derfor KS, Rogaland Fylkeskommune, Innovasjon Norge og Fylkesmannen i Rogaland eit bioenergiseminar på Øksnevad vidaregåande skule. Målet er å vise at trebasert bioenergi er eit klimavennleg og lønnsamt alternativ for oppvarming av kommunale bygg, bustadfelt mm.
18.12.2014
På fredag blei to nye skogreservat verna etter naturmangfaldlova av kongen i statsråd; Eikebakka naturreservat i Sokndal og Tveitaneset naturreservat i Tysvær kommune.
16.12.2014
Statlege planretningslinjer for bustad-, areal- og transportplanlegging, utforming av kommuneplan og mange fleire plantema var på programmet med nesten 100 engasjerte deltakarar tilstades. Sjå foredraga her.
12.12.2014
Fleire deltakarar frå kommunar, miljøkonsulentar og statlege etatar hadde møtt fram for å lære meir om naturmangfaldlova.
Tilbakemeldingen frå Statens vegvesen førte til at Fylkesmannen har trekt to avvik i rapportar etter kontroll av anleggsarbeida med Ryfast på Buøy og Hundvåg.
03.12.2014
Alle som har plikt til å levere og rapportere farleg avfall, skal frå nyttår sende inn skjema elektronisk. Miljødirektoratet opnar Avfallsdeklarering.no frå 2015 og industriverksemder bør alt no starte omstilling til bruk av nettstaden.
Ordningane omfattar områda naturforvaltning, friluftsliv, kulturminnevern og forureining. Alle søknadar skal sendast gjennom elektronisk søknadssenter i Miljødirektoratet. Søknadsfristen er 15. januar 2015 for dei fleste tilskotsordningane.
02.12.2014