Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Rogaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Rogaland hadde motsegner til utvidinga av Q-Meieriene sitt anlegg i Klepp kommune. I meklinga i dag blei partane samde om ei løysing.
01.12.2014
Franzefoss Gjenvinning AS er gitt løyve til mottak og mellomlagring av farleg avfall på Asco-basen i Sola kommune.
26.11.2014
23. oktober gjennomførte Fylkesmannen ein ikkje-varsla kontroll av korleis Statens vegvesen utfører arbeidet sitt med omsyn til utslepp til sjø. I kontrollen blei det peikt på sju avvik.
14.11.2014
1. november 2013 var Magnhild Meltveit Kleppa på plass som fylkesmann i Rogaland. Eitt år har gått – og ho saknar verken storting eller regjering.
31.10.2014
Fristen for å søka om erstatning for skadar på husdyr er 1. november. Staten erstattar dokumenterte og antatt tap og skadar frå rovdyr på av husdyr. Alle søknadar må leverast elektronisk.
27.10.2014
Lang eller kort tunnel, lang eller kort dagsone forbi Figgjo? Det må nå departementet ta stilling til. Fylkesmannen støttar Sandnes kommune sitt ønske om kort dagsone og lang tunnel, men den løysinga ønskjer ikkje Statens vegvesen for nye E39 forbi Figgjo.
20.10.2014
Nedre Vågen 9 AS er gitt løyve til mudring i sjø i Galeivågen, Hundvåg i Stavanger kommune.
15.10.2014
Fylkesmannen i Rogaland og Fiskeridirektoratet fremma motsegn til Vindafjord sin plan for industriell aktivitet i Vats- og Yrkesfjorden i Vindafjord. Meklinga førte ikkje til semje, dermed går saka til endeleg avgjerd hos Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
10.10.2014
Ein ny undersøking utførd av Norsk ornitologisk foreining, avdekker ein urovekkande tilbakegang for vipa i Norge. Hekkebestanden har gått attende med 75% på 20 år, og dette teiknar ei dyster framtid for denne så velkjende fuglen.
26.09.2014
Bjerkreim kommune har lagt fram forslag til kommuneplan med både arealdel og samfunnsdel. Gjennom pilotprosjekt for statleg samordning har kommunen fått ei samla oversikt over statlege motsegner og faglege råd. Fylkesmannen sin uttale har både ros og råd til forbetring.
24.09.2014
Fylkesmannen meiner at Suldal kommune har laga ein framifrå kommuneplan med god samanheng mellom samfunnsdel og arealdel.
Aktuelle tema for møte er status for førekomst av rovdyr i regionen så langt i år og vurdering av ny kvote for lisensfelling av ulv.
12.09.2014