Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Fristen for å søkje om midlar frå Direktoratet for naturforvaltning for å ta vare på kystlynghei og 7 andre trua naturtypar er 15. januar. Både privatpersonar, lag, organisasjonar og kommunar kan søkje.
07.01.2014
Fylkesmannen har motteke søknad frå Statens vegvesen om løyve etter forureiningslova § 11 og forureiningsforskrifta § 22-6 til utfylling i sjø av sprengsteinsmassar frå driving av Eiganestunnelen. Søknaden gjeld utfyllingen i sjø i Jåttåvågen i tidlegare dokkområde for bygging av betongplattformer.
17.12.2013
På nettsidene til Miljødirektoratet kan tilsette i kommunar og andre interesserte ta e-læringskurs om kapittel 2 i naturmangfaldlova. Kurset handlar om kva krav som blir stilt til offentlege avgjerder gjennom naturmangfaldlova.
14.10.2013
Det er Miljødirektoratet som fastset jakttidene for dei jaktbare viltartane. I Norge er det tillat å jakte på nesten 60 ulike artar fuglar og pattedyr.
03.10.2013
Naturinformasjonssenteret fekk autorisasjon som nasjonalt våtmarkssenter i desember 2012. Senteret ligg i Mosvatnparken i Stavanger. Alle arrangement ved Mostun vert publisert på Facebook.
20.09.2013
IVAR IKS har fått nytt løyve til utslepp av avlaupsvatn tilsvarande 400 000 pe for Sentralrenseanlegg Nord-Jæren (SNJ).
17.09.2013
Dei oppgitt fisketidene er frå og med første dag kl 00.00 til og med siste dag kl 24.00
11.07.2013
Fylkesmannen i Rogaland gjennomfører sommaren 2013 naturtypekartlegging i hovudsak i Sola, Time, Hå, Gjesdal, Tysvær og Eigersund ved hjelp av konsulentane Ecofact og Biofokus sommaren 2013.
24.06.2013
Direktoratet for naturforvaltning (DN) har avslått søknad om dispensasjon til bygging av Gråfollåna kraftverk ved Nilsebu i Hjelmeland. Tiltaket er vera i strid med verneformålet og vil endra landskapet sitt særpreg og karakter vesentleg.
10.06.2013
Prosjektet ”kartlegging av marine naturtypar” er no inne i sitt andre av tre planlagde år med marine undersøkingar i Rogaland. Målet med prosjektet er å samle kunnskap om førekomst og verdi av utvalde naturtypar for å betre forvaltninga av kystsona.
25.04.2013
Fylkesmannen kontrollerte i 2012 pukkverk og fiskeforedling, avfallsmottak, fragmenteringsverk, verkstader og akvakulturanlegg. Ved 80 av 83 tilsyn vart det oppdaga brot på miljøregelverket.
17.04.2013
Det er søkt om ei utviding av salgsarealet på Kvadrat kjøpesenter på 2300 m2. Ei utviding av salgsarealet er i strid med føresegna om kjøpesenterstopp og føreset difor eit samtykke frå Fylkesmannen. Fylkesmannen gir samtykke til utviding av salgsareal på Kvadrat.
22.02.2013