Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Elektronisk løysing for tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel m.m. skal takast i bruk frå 15. august 2018, med raskare og enklare behandling.
06.07.2018
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har laga ein rapport som viser hovudtrekka i utviklinga i kommuneøkonomien i fylket. Rapporten inneheld eit utval av indikatorar som viser den økonomiske situasjonen og utviklinga for kommunane, både enkeltvis og samla.
Norsk Institutt for Bioøkonomi (NIBIO) lanserte 14. juni 2018 ny løysing for gardskart på internett.
29.06.2018
Vi er ein nasjon av naturglade menneske, som ferdast mykje i naturen, frå fjøre til fjell. I tidsrommet 1. april til 20. august er det generell bandtvang, og fleire plassar har kommunen utvida perioden gjennom lokale føresegner.
20.06.2018
Dei endelege tala frå KOSTRA syner at 4025 dekar jord vart vedtatt nedbygd i 2017 i Noreg. Møre og Romsdal er det fylket som byggjer ned mest matjord i heile landet, med 734 dekar dyrka jord. Bustad- og vegbygging er hovedårsaka til det omfattande tapet av viktig matproduserande landbruksareal.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått medhold i 3 klagesaker, der alle hadde viktige, prinsipielle moment, som kommunane i fylket bør leggje til grunn i si sakshandsaming i dispensasjonsvurdering og vedtak. Dette gjeld drifts- og miljømessige ulemper, presedensverknad og fritidsbustad på dyrka mark med vilkår.
31.05.2018
Fylkesmannen i Møre og Romsdal sender i dag ut eit brev til ordførarane og rådmennene i Møre og Romsdal, med ei oppmoding om å setje forsøpling på dagsorden.
26.04.2018
Nytt utstyr for skogsdrift i bratt terreng kan bidra til å minimalisere terrengskader.
24.04.2018
I Ulsteinvik møtte det laurdag 125 nye statsborgarar som hadde takka ja til å delta på seremonien. Det var ekstra kjekt at desse kom frå alle dei 17 kommunane på Sunnmøre.
17.04.2018
Frå våren 2018 skal alle breva frå oss til privatpersonar, organisasjonar og private verksemder i Møre og Romsdal sendast digitalt. Har du hugsa å opprette ein digital postkasse?
06.04.2018