Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Svar på innbyggarundersøkingar og høyringsbrev ut til kommunane.
07.02.2018
Frå januar 2018 er det nokre endringar i regelverket for avløysing ved sjukdom og fødsel m.m. På grunn av dette er også søknadsskjemaet endra.
06.02.2018
Torsdag 1. februar samla Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen, nye planleggarar i kommunane til ein felles informasjonsdag knytt til kommunal planlegging.
02.02.2018
Kartverket og Fylkesmannen besøkte den 17. og 18. jan. 4 av våre 5 nye kommunar.
24.01.2018
I si klagehandsaming presiserer settefylkesmannen at jordvern skal vektleggast meir enn før i dispensasjonssaker jfr. endring av pbl. § 19-2. Dei skriv også at kommunen må grunngje sine vedtak betre og i tråd med vilkåra i plan- og bygningslova.
19.01.2018
4. og 5. januar besøkte Kommunal- og forvaltningskomiteen fylket vårt. Besøket omfatta kommunane Kristiansund, Rauma og Molde.
08.01.2018
Avfallsverksemder må levere årsrapport til Statsforvaltaren. Fristen for innsending er 1. mars kvart år. Du finn skjema og meir informasjon i denne artikkelen.
04.01.2018
Kommunal- og moderniseringsdepartementet fastsette tirsdag 19. desember forskrift om samanslåing for kvar av dei 4 kommunesamanslåingane i Møre og Romsdal.
20.12.2017
I Veøy landskapsvernområde finn vi mange viktige verdiar. Forvaltningsplanen legg opp til eit samarbeid mellom dei ulike faginteressene i verneområdet. Saman skal vi skjøtte området til det beste for arkeologi, kulturhistorie og natur, samtidig som bruken av øya som rekreasjonsmål skal halde fram.
18.12.2017
Fylkesmannen har inngått skjøtselsavtale for 30 verdifulle kystlyngheier, over 150 artsrike slåttemarker og nokre få slåttemyrer i løpet av dei siste åra. Aktiv skjøtsel basert på faglege råd i skjøtselsplanar skal bidra til å betre tilstanden for desse naturtypane. Arbeidet er forankra i mål i nasjonale handlingsplanar.