Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Frå januar 2018 er det nokre endringar i regelverket for avløysing ved sjukdom og fødsel m.m. På grunn av dette er også søknadsskjemaet endra.
06.02.2018
For å lette kommunane sitt arbeid med rapportering gjennom KOSTRA, har Landbruksdirektoratet også i år utarbeida eit hjelpeskjema til bruk for løpande føring av handsama saker etter jordlov og konsesjonslov, og kva som vart utfallet av desse sakene. Hjelpeskjemaet omfattar også fane for omdisponert areal frå reguleringsplanar etter plan- og bygningsloven.
30.01.2018
I si klagehandsaming presiserer settefylkesmannen at jordvern skal vektleggast meir enn før i dispensasjonssaker jfr. endring av pbl. § 19-2. Dei skriv også at kommunen må grunngje sine vedtak betre og i tråd med vilkåra i plan- og bygningslova.
19.01.2018
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått medhald i to klagesaker om jordvernomsyn. Vurderingskriteria i begge desse sakene gjeld alle dispensasjonsvurderinger, som handlar om omdisponering av landbruksareal, og kan vere ei nyttig rettesnor i framtidig sakshandsaming for kommunane i Møre og Romsdal.
04.12.2017
Fylkesmannen er ute med nytt nyhendebrev på Landbruks- og matdepartementet si nettside, nr 2/2017.
01.11.2017
Så mykje som 92 prosent av verdiskapinga i jordbruket i Møre og Romsdal kjem frå mjølk, storfe, sau og geit. Nesten alt jordbruksareal i fylket er i bruk til gras. Det viser arealbarometeret til Norsk institutt for bioøkonomi.
11.10.2017
Kulturlandskapsprisen for 2017 er tildelt gardbrukarane Inger Fjærli Halse og Per Halse på Edøya på Smøla. Bakgrunnen for tildelinga er deira mangeårige arbeid for kulturlandskapet på garden sin. Gardbrukarparet fekk tildelt prisen av landbruksminister Jon Georg Dale på Dyregoddagane i Gjemnes i dag.
01.09.2017
Det er i føretaket si interesse at postadressa er oppdatert til ei kvar tid. Elles kjem posten ikkje fram. Føretaket må sjølv oppdatere postadressa.
28.07.2017
Alle føretak som har rett til produksjonstilskot kan også søkje om tilskot i regionalt miljøprogram. Kommunen behandlar og avgjer søknaden. Søknadsfristen er 15. oktober, kvart år for jordbruksføretak. Utbetaling skjer i mars året etter.
02.07.2017
KOSTRA-tal som SSB nylig presenterte, viser at Møre og Romsdal har hatt ein gledeleg nedgang i tap av matjord, frå 403 daa i 2015 til 253 daa i 2016. Dette er ikkje langt unna jordvernmålet på 200 daa som fylkestinget har vedteke gjennom Landbruksmeldinga for Møre og Romsdal 2017-2021.