Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Vanylven omsorgssenter er ein av dei fem beste institusjonane her i landet til å skape gylne måltidsøyeblikk til bebuarane sine. Dei vert no heidra med diplom frå Landbruks-og matdepartementet for denne innsatsen.
24.10.2016
Settefylkesmannen i Sør-Trøndelag har oppheva og avslått dispensasjonssak frå Fræna kommune, der Fylkesmannen si landbruksavdeling i Møre og Romsdal hadde klaga på kommunen sitt vedtak.
14.10.2016
Landbruks- og matdepartementet har opna for at Innovasjon Norge kan løyve investerings- og bedriftsutviklingsmidlar frå neste års ramme i haust. I samband med dette har fylkesmannen gjort nokre endringar i Regionalt næringsprogram.
13.10.2016
Fylkesmannen er veldig godt nøgd med at Molde kommune har prioritert jordvernet i kommunedelplanen, der dei aller fleste innspela er avvist med omsyn til vern av matproduserande areal.
06.10.2016
På oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet har Landbruksdirektoratet overlevert to utgreiingar, som tek føre seg viktige problemstillingar for eit styrka jordvern.
30.09.2016
Fylkesmannen hadde ved 1. gongs offentleg ettersyn 7 motsegner knytt til landbruks- og jordverninteressene i arealdelen av kommuneplanen i Aukra. Etter litt drøfting og «gi og ta» har Fylkesmannen valt å trekke alle motsegner etter 2. gongs høyring.
Stadig fleire vel å bruke tre som bygningsmateriell. Gode effekter på inneklima, pris, byggetid og miljøvenleg bygningsmaterial gjer at bruken av tre er aukande!
28.09.2016
Ved fråsegn til 2. gongs høyring for kommunedelplan Isfjorden i Rauma kommune, hadde Fylkesmannen 3 motsegner på vegne av landbruksinteressene. Ved 3. gongs offentleg ettersyn er alt teke til etterretning, og Fylkesmannen kunne dermed trekke motsegna knytt til plana for landbruksinteressene.
Ønsker de å utvikle prosjekt som kan høgde kompetansen til den norske bonden, gartnaren eller skogbrukaren? Fristen for å sende inn søknad om tilskott frå Kompetanseutviklingsprogrammet for landbruket (KIL) for 2017 er 16. desember 2016. KIL-midla for 2017 er på 6 millioner kroner.
26.09.2016
Etter tredje gongs søknad fekk endeleg Ørstaterminalen tilsagn om midlar til tømmerkai. Landbruksminister Jon Georg Dale møtte sjøl opp i Ørsta 21.09.2016, og fortalde om gladmeldinga.
22.09.2016