Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Vegane i distrikta kan gjere tømmertransporten dyrare enn nødvendig. Plansjef i Allskog illustrerte dette under skogsamlinga i Molde 5. mars, ved å vise kor mange tømmervogntog som skal til for å køyre ut ei gitt tømmermengde under ulike forhold.
10.03.2014
Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar (MIS) fører fram til miljøsertifisering, noko som er ein føresetnad for å få levere tømmer frå 2016. Vegard Aune, plansjef i Allskog gjorde under skogsamlinga i Molde 05.03.2014 greie for dei nye krava til sertifisering i skogbruket. Frå 2016 skal alle tømmerleveringar vere miljøsertifisert.
06.03.2014
Yoghurt basert på økologisk rips og bringebær, dyrket på Gjermundnes, var ideen som gikk til topps på gründercampen på Gjermundnes vgs. Fylkesmannen var juryformann.
25.10.2013
Beitelag som organiserer beiting i utmark, tilsyn og sanking av småfe, storfe og hest, kan søkje om tilskot til drift av beitelaget. Søknadsfristen er 01. november 2013. Det kan søkjast om tilskot til dyr som er sanka heim frå utmarksbeite.
08.10.2013
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har tildelt Kulturlandskapsprisen for 2013 til Annbjørg og Per Devold i Rauma. Gardbrukarparet får prisen for berekraftig og allsidig bruk av kulturlandskapet – med vekt på mjølk- og kornproduksjon, opplevingsturisme og aktiv bruk av eldre bygningar.
30.08.2013
I alt har gardbrukarane dagen før søknadsfristen levert 1074 søknader via det nye søknads- og behandlingssystemet for Regionale miljøtilskot på internett. I tillegg har det blitt starta registrering av 209 søknader til. Tysdag 27.08. går søknadsfristen ut.
26.08.2013
Norganic AS er kåra til Årets leverandør av økologiske produkt 2013. Landbruksdirektør Anne Berit Løset delte ut prisen på Matfestivalen i Ålesund torsdag kveld.
22.08.2013
Fristen for å søkje om tilskott til regionalt miljøprogram i landbruket er 20. august. I år er det for første gong mogleg å søkje elektronisk. Treng du hjelp til elektronisk søknad, kan du ringe Statens landbruksforvaltning fram til klokka 18.00 måndag 19. og tysdag 20. august.
17.08.2013
Regionalt miljøprogram for 2013-2016 er revidert. Det er gjort store endringar i miljøprogrammet med meir vekt på reduksjon i avrenning og mindre vekt på kulturlandskap og estetiske verdiar. Fleire bønder kan få nytte av tiltaka, og det nye miljøprogrammet har ein tydelegare miljøprofil. Denne artikkelen gjeld 2013.
18.07.2013
Reiselivsbransjen ønskjer å bruke meir lokal mat og å framheve norsk matkultur. Men korleis greie dette i praksis? Den Norske Matfestivalen i Ålesund og samarbeidspartar inviterer til ein matnyttig og smakfull konferanse om matkultur og reiseliv tysdag 20. august 2013, dagen før opninga av årets matfestival.
17.07.2013