Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil også i år dele ut sin kulturlandskapspris. Prisen skal gå til ein eller fleire gardbrukarar som utmerkar seg med miljøvennleg drift. Vi inviterer alle til å kome med forslag til prisvinnar før 15. august 2013.
02.07.2013
Landbruks- og matdepartementet har fastsett forskrift om tilskott til drenering av jordbruksjord. Det er i jordbruksavtalen sett av 100 millionar kroner for 2013 og 100 millionar kroner for 2014 til drenering. Både eigar av jordbruksjord og leigar av jordbruksjord kan søke kommunen om tilskott.
27.06.2013
Stortinget har ferdigbehandla to lovforslag frå Landbruks- og matdepartementet (LMD). Det eine gjeld endringar i delingsbestemmelsen i jordlova § 12. Det andre gjeld endringar i odelslova, nærare bestemt innskrenkingar i odelskretsen og oppheving av bestemmelsen om odelsfrigjering av tilleggsjord.
20.06.2013
Landbruket i Tingvoll bidrar med gode og robuste arbeidsplassar, levande lokalsamfunn og rikt kulturlandskap. I tillegg forvaltar næringa naturressursane på ein berekraftig måte. Tingvoll kommune og Landbruksrådet i Tingvoll ønskjer gjennom ei nylaga brosjyre å vise kva landbruket betyr for kommunen.
03.06.2013
Mange bønder har fått vinterskade på enga etter den harde vinteren, særleg i indre og høgare strok i fylket. For å få tilskott til utbetring etter vinterskade, er det viktig å gje melding til kommunen i god tid før utbetringa startar, slik at vinterskadane kan kontrollerast.
21.05.2013
Grana på Nordvestlandet har strålande eigenskapar. Det viser ein råvareanalyse for områda nord for Sognefjorden til og med Møre og Romsdal fylke.
16.05.2013
Fylkesmannen i Møre og Romsdal inviterer lag og organisasjonar til å søke om støtte til bygdemobiliseringsprosjekt.
27.03.2013
I mange land står kvinner for mesteparten av matproduksjonen. I Noreg er situasjonen ein annan. I svært mange tilfelle er bonden ein mann og kvinna har arbeid utanfor bruket. Påverkar dette landbruket og norske bygder? Er det ønskjeleg å snu trenden?
14.02.2013
Fylkesmannen arrangerer MRmat 2013 i samarbeid med Kompetansenavet på Mære 12.-14. februar på Klippfiskakademiet i Ålesund. Målgruppene for kurssamlinga er produsentar og matspesialitetar og serveringsbedrifter som ønskjer å ha meir lokalmat på menyen.
14.01.2013
Fylkestinget vedtok 12. desember ei landbruksmelding for Møre og Romsdal. Meldinga skal vere retningsgjevande for utviklinga av næringa på regionalt nivå og bidra til å styrke landbruket og landbruksbasert næringsutvikling i fylket.
14.12.2012