Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
På ei tilstelling i Norges Tekniske Vitenskapsakademi i Trondheim 11. september vart sivilingeniør Knut Åm utnemnd til Riddar av 1. klasse av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden.
16.09.2014
Helsefagarbeidar Marita Puntervoll representerer Norge i Euroskills i Frankrike i oktober. Fylkesmannen støttar deltakinga gjennom Kompetanseløftet 2015 og ønskjer henne lukke til i konkuransen!
01.09.2014
Journalist John Gunnar Skien er tilsett som ny kommunikasjonssjef hos Fylkesmannen i Rogaland.
27.08.2014
Boka er eit resultat av langvarig og godt samarbeid mellom naudetatane og samvirkeaktørar innan redningstenesta. Målet er å bidra til læring og utvikling innafor fagområdet.
22.08.2014
Frå 15. august skiftar Forvaltningsavdelinga hos Fylkesmannen namn til Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdeling.
14.08.2014
Rovviltnemnda i region 1 vedtok på møte 02.06.2014 lisensfelling av 1 ulv og 8 jerv i heile Region 1.
12.08.2014
Q-meieriene sitt anlegg i Klepp treng meir areal til auka produksjon. Forslag til reguleringsplan ved Øksnevadkrossen utfordrar langsiktig grense landbruk og vil omdisponera areal i kjerneområde landbruk. Fylkesmannen har motsegn til planen, men inviterer Klepp kommune til dialog med sikte på løysing av saka.
07.08.2014
Fylkesmannen rår departementet til å ta motsegn til bustadbygging på Frøyland til følgje. Ei utbygging der er i strid med mål om kompakt byutvikling, redusert transportarbeid og jordvern- og kulturlandskapsinteresser av nasjonal verdi. Frøyland må varig sikrast som landbruksområde.
05.08.2014
Det er registrert rødlista korallar på 4 av 10 undersøkte lokalitetar i Sandsfjorden. Norsk Stein AS på Berakvam har fått undersøkt havbotnen ved ulike lokalitetar.
Frå 1. august kan du levere søknad om regionalt miljøtilskot elektronisk. Det gjer du på Altinn. Søkte du i fjor vil du få spørsmål om å gjenbruke kartteikningane. I år blir det dermed enklare å søkje elektronisk.