Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
På bakgrunn av merksemda i NRK Rogaland den siste tida rundt foreldre som verjer, ser Fylkesmannen behov for ei nærare avklaring av kven som kan vere verje, prosessen rundt oppnemning av verjer og når ei verje kan bli bytta ut.
07.03.2014
Er det mogleg å bygge nytt kufjøs for mjølkeproduksjon til ein kostnad på maksimum 100 000 kr per båsplass og som i hovudsak er tilpassa garden sitt ressursgrunnlag? Svaret er ja. Mange bønder har møtt opp på møte der dette er tema.
27.02.2014
FylkesROS Rogaland er no revidert. Fylkesmannen trekk fram klimatilpassing, sikker kraftforsyning, og samordning mellom ulike etatar og nivå som hovudutfordringar.
21.02.2014
Fyrstkomande søndag, 23. februar 2014, blir det både gudsteneste i domkyrkja og kyrkjekaffi i Rosenkildehuset for å markere opninga på grunnlovsjubileet i Rogaland.
14.02.2014
Den prislønna naturfotografen Roy Mangersnes frå Sandnes har på oppdrag frå Jæren våtmarkssenter laga ein film om fuglelivet i Kvassheimsbukta i Hå. I filmen som er utan lyd, men med tekst, vil du sjå ei rekke kjende og mindre kjende fuglar som kan observerast langs Jærkysten.
Fylkesmannen har utarbeidd oversendingbrev og sjekkliste som kommunane kan nytte når klagesaker skal til Fylkesmannen. Dette for å sikre fortsatt rask og god behandling for klagesaker etter plan- og bygningslova.
07.02.2014
Gjennom tilskotsordninga Pårørendeskoler og samtalegrupper i demensomsorga i Demensplan 2015 kan det søkjast midlar til etablering av kurs.
06.02.2014
Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa har ein ambisjon om å gjeste alle kommunane i Rogaland dette halvåret. No er ho i gang.
05.02.2014
Rundskriv om tilskot til trus- og livsynssamfunn og søknadsskjema for 2014 er lagt ut på Fylkesmannen sin nettstad.
Frist for å søkje om tilskot er 10. mars!
03.02.2014