Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Met.no melder nå at det fra torsdag ettermiddag ventes nordvestlig full storm, og perioder med sterk storm på kysten av Rogaland og Vest-Agder. Det er også sannsynlig med vindkast på omkring 35 m/s over land. Men den sterkeste vinden holder seg til havs og på kysten, og situasjonen bedømmes derfor ikke som ekstrem.
05.12.2013
Meteorologisk har sendt ut melding om økt overvåking - Fase A varsel for Rogaland og Agder:Fra torsdag ettermiddag nordvestlig full storm, 25 m/s, periodevis sterk storm, 30 m/s på kysten vest for Lindesnes, med vindkast opp i 40 m/s. I høyere strøk ventes også snø og snøfokk. Vinden minker sent torsdag kveld.
04.12.2013
Vi inviterer til den årlege, nasjonale Samfunnssikkerhetskonferansen i Stavanger torsdag 9. januar 2014. Målet med konferansen er å få konkretisert aktuelle problemstillingar innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Konferansen skal i tillegg vere ein arena for nettverksbygging på tvers av fagmiljø og etatar.
03.12.2013
Den 10.11.2013 blei det arrangert ei vellukka seremoni for nye statsborgarar i Statens Hus. Meir enn 300 gjester var til stades på den høgtidelege seremonien. Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa leia den formelle delen av arrangementet.
25.11.2013
Fylkesmannen i Rogaland har gitt Sandnes kommune medhald i at dei kan nekte Money Talks skjenkjeløyve til eit driftskonsept med stripping og topplaus servering. Klaga på vedtaket i kommunen frå Money Talks, er derfor ikkje teken til følgje. Fylkesmannen sitt vedtak er endeleg og kan ikkje klagast på.
22.11.2013
Tilskotsordninga for å styrkje arbeidet mot barnefattigdom skal bidra til å førebyggje og redusere fattigdom og sosial eksklusjon blant barn og unge gjennom å styrkje det sosiale og førebyggjande arbeidet i kommunane. Ordninga er ei vidareføring frå tidlegare år. Den skal bidra til å utvikle nye tiltak overfor målgruppa, betre samordninga av lokale tiltak, styrkje og utvikle kunnskap og kompetanse blant aktørane i lokalsamheldet.
Eit samla Jæren går inn for at ”Olav og Olaf” skal halde fram arbeidet med frivillige jordbrukstiltak for å betre vasskvaliteten. I eit av Noregs mest intensive jordbruksområde er næringsavrenning til vassdraga eit stort problem.
21.11.2013
Framlegget frå den nye regjeringa til tilleggsproposisjon for statsbudsjettet 2014 blei lagt fram 11. november (Prop. 1 S Tillegg 1). Vi gir her eit kort samandrag.
12.11.2013
H.K.H.Kronprinsen er torsdag 7. november 2013 til stades ved opninga av utstillinga «Kongelige kjøretøy 1905 - 1945 Fra Berliner til Buick» på Jærmuseet Vitengarden på Nærbø i Rogaland. Utstillinga er organisert av Nasjonalmuseet som ein del av regjeringa si gåve til kongeparet sine 75-årsdagar i 2012, og har tidlegare i år vore vist i Trondheim.
01.11.2013