Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Onsdag 29. mai kjem H.K.H. Kronprins Haakon til Time vidaregåande skole på Bryne for å vere med på Dignity Day.
24.05.2013
I samband med feiring av 100 års jubiléet for kvinner sin stemmerett, kan du nå sjå ein spennande og informativ temautstilling i Statens Hus på Lagårdsveien. Utstillinga er open mellom 8 og 15.30.
03.05.2013
Prosjektet ”kartlegging av marine naturtypar” er no inne i sitt andre av tre planlagde år med marine undersøkingar i Rogaland. Målet med prosjektet er å samle kunnskap om førekomst og verdi av utvalde naturtypar for å betre forvaltninga av kystsona.
25.04.2013
Fylkesmannen kontrollerte i 2012 pukkverk og fiskeforedling, avfallsmottak, fragmenteringsverk, verkstader og akvakulturanlegg. Ved 80 av 83 tilsyn vart det oppdaga brot på miljøregelverket.
17.04.2013
Kommunane kan søkje Fylkesmannen om tilskot til kompetanse- og samhandlingstiltak i barneverntenesta.
Søknadsfrist for tilskot er 22. april!
16.04.2013
Fylkesmannen støttar hovudgrepa i den interkommunale kommunedelplanen for Bybandet sør, men etterlyser heilskap som sikrar ei kompakt, urban og kollektivprioritert bymessig utbygging.
20.03.2013
Fylkesmannen har blitt kontakta av nærare 80 personar som visar interesse for oppdrag som fast verje. Det gleder å sjå at vilja til innsats for samfunnet er stor i fylket vårt.
15.03.2013
For ein månad sidan (nettartikkel 12. februar 2013) kåra Stavanger Aftenblad Utsira til "Rogalands farligste sted". Denne påstanden er basert på kart over sårbarheit som forskarar ved NTNU har laga. I same artikkel får Stavanger status som den tryggaste kommunen i Rogaland. Fylkesmannen meiner at Utsira ikkje er spesielt farleg, og at kunnskapsgrunnlaget desse påstandane er baserte på er mangelfulle.
14.03.2013
Krava til medaljekandidatane sin innsats er blitt strengare etter endringa i mars i fjor, og Slottet har delt ut betydeleg færre medaljar i året som gjekk.
25.02.2013
Det er søkt om ei utviding av salgsarealet på Kvadrat kjøpesenter på 2300 m2. Ei utviding av salgsarealet er i strid med føresegna om kjøpesenterstopp og føreset difor eit samtykke frå Fylkesmannen. Fylkesmannen gir samtykke til utviding av salgsareal på Kvadrat.
22.02.2013