Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
17. og 18. april arrangerast regional erfaringskonferanse om universell utforming. Konferansen skal visa gode døme på universell utforming.
22.02.2013
Fylkesmannen har handsama om lag 40 søknadar om planting av juletre sidan forskrift om utsetting av utanlandske treslag til skogbruksformål tok til å gjelda 30. september 2012. Med få unntak har alle fått innvilga søknadane.
20.02.2013
Fylkesmannen har godkjent forvaltningsplanar for 29 statleg sikra friluftsområde på Haugalandet. Slik godkjenning er ein føresetnad for å få statlege midlar til skjøtsel og tilrettelegging. Friluftsrådet Vest får skryt for oversiktelege planar og mange konkrete framlegg til eit endå betre tilbod for allmenta.
19.02.2013
Å vidareutvikle arbeidet på fattigdomsområdet og sikre god forvaltning av lov om sosiale tenester i NAV er hovudoppgåva for det kommunale tenesteområdet i NAV i 2013. Fylkesmannen har fått i oppdrag å hjelpe kommunane med dette.
01.02.2013
I tillegg til å delta på Internationale Grüne Woche var nettverksbygging viktig på studieturen til Berlin 25-28. januar. 37 matprodusentar og reiselivsfolk drog til Berlin for å oppleve Grüne Woche, delikatesseavdelinga på KaDeWe og økolandsbyen Brodowin.
31.01.2013
Fylkesmannen meiner planprogrammet har med dei sentrale tema for revisjon av kommuneplan for Sandnes 2015-2030. Vi støttar grepet med eigen kommunedelplan for den viktige regionale planlegginga av Sandnes aust.
21.01.2013
Vi er no inne i ein kald og vakker periode med is på dei fleste vatn. Isen vert snart trygg for ferdsel, og dette er ei flott oppleving. På same tid fryktar Fylkesmannen ei gjentaking frå tidlegare år med bilkøyring på islagte vatn.
17.01.2013
For andre år på rad vart det i fjor påvist vellykka hekking av åkerrikse i Noreg; eit kull med 5 ungar, og eit reir med klekte egg, begge på Karmøy i Rogaland. Det vart også rapportert om mogleg hekking i Oppland. I alt vart det i 2012 rapportert om 164 syngande åkerrikser.
15.01.2013
Ordninga er ei oppfølging av Handlingsplanen for førebygging av uønske svangerskap og abort 2010-2015. Frist for å søkje er 15. januar 2013.
14.01.2013
Spennande tema, gode innleiarar og rekordhøgt frammøte danna hovudramma for årets sikkerheitskonferanse, som blei arrangert for 10. gang. Justis- og beredskapsminister Grete Faremo var hovudtaler og hun starta foredraget sitt med å fortelje at konferansen er eit førebilete på samvirke som er eit av prinsippa som beredskapsarbeidet må byggje på.
11.01.2013