Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
I samband med at Stortinget har vedtatt at Rennesøy, Finnøy og Stavanger skal bli ein kommune, blir det kalla inn til felles kommunestyremøte.
23.06.2017
Utgreiings- og tilretteleggingsmidlane, UTM skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Tiltak som gjeld utvikling av økologisk landbruk, kan også få tilskot.
22.06.2017
Skipet Tide Carrier var veldig nær eit havari i nærleiken av Feistein fyr 22. februar 2017. Under møtet i Fylkesberedskapsrådet 6. juni orienterte leiar for Kvitsøy trafikksentral, Tormod Våga, om den dramatiske situasjonen.
20.06.2017
Er du glad i å vasse eller snorkle i havet? Bryr du deg i tillegg om naturen og har du kanskje og eit konkurranseinstinkt? Da må du bli med på den store sommarjakta på stillehavsøsters i Rogaland og vinne fine premiar!
Konkurranse er avslutta 1. september og alle deltakarane har fått melding frå oss.
PRESSEINFORMASJON: Torsdag 15. juni besøker H.K.H. Kronprinsen Klepp. Først blir det nytt møte i hovudkomiteen for Eurosurf, deretter deltar Kronprinsen under Blått flagg-markeringa ved Friluftshuset på Orre.
09.06.2017
Fylkesmannen vurderer å ta kommunen sitt avvisingsvedtak i går opp til lovlegkontroll av eige tiltak. Bakgrunnen er at kommunestyret truleg hadde plikt til å ta den aktuelle saka opp til behandling.
07.06.2017
Det økonomiske opplegget for 2018, omstilling i Haugesund og kommunal bustadpolitikk var tema på Kommuneøkonomidagen i Stavanger 30. mai 2017.
01.06.2017
Eit samrøystes Fylkesutval bestemte 16. mai 2017 at Rogaland skal få eigen jordvernstrategi. Å finne god balanse mellom vekst og jordvern er krevjande, og Rogaland har i fleire år vore fylket som bygger ned mest matjord. Ein jordvernstrategi vil løfte fram dei regionale utfordringane, og sikre politikarane eit godt vurderingsgrunnlag når dei ulike samfunnsinteressene skal vegast opp mot kvarandre.
22.05.2017
227 nye statsborgarar, i lag med familie og venner, er klare til fest i Kuppelhallen laurdag 20. mai. Heile 46 nasjonar er representerte på den høgtidelege statsborgarseremonien.
19.05.2017
Gardbrukarar er av Statens Vegvesen bedne om å flytte rundballar og andre gjenstandar som ligg langs offentleg veg innan 1. juni 2017, slik at dei er plassert utanfor sikkerheitssona.
18.05.2017