Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Rogaland vil få større utfordringar med regnflaumar, meir overvatn, fleire skred og høgare havnivå. Norsk klimaservicesenter publiserte i dag ein klimaprofil for fylket, som skal gjere det enklare for planleggjarar å ta omsyn til klimaendringane. Klimakunnskapen må inn i arealplanlegginga.
01.02.2017
Landbruks -og matdepartementet har i to saker om vinterskade på eng i 2013 gjort vedtak om ny behandling hos Fylkesmannen i Rogaland. Departementet sine presiseringar av regelverket gjer at Fylkesmannen vil behandle ei rekke avviste og avslåtte saker på nytt.
Ved årsskiftet vart ei ny lov om erstatning for naturskader sett i kraft. Det er gjort endringar i måten å søkje om erstatning. Søknader skal no sendast til Landbruksdirektoratet.
26.01.2017
Kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar skal vurdere behova til kvar enkelt og tilby eigna butiltak ut frå dette. Kommunen skal etablere ordningar for tilsyn og internkontroll.
19.01.2017
Gode klimatiltak kan få økonomisk tilskot til forprosjekt og gjennomføring. Aktuelle prosjekt kan vere klimavennleg areal- og transportplanlegging, transporttiltak og nettverk for kompetanseheving og erfaringsdeling.
18.01.2017
Torsdag er det venta ekstremt høg vasstand ved flo om føremiddagen. Vasstanden blir truleg 70-85 centimeter over verdiane i tidevasstabellen. Kommunane må på bakgrunn av lokalkunnskapen sin gjera dei førebuingane som er nødvendige.
11.01.2017
Store nedbørsmengder, kombinert med kraftig vind, gjer at NVE vurderer skredfaren i Rogaland som stor i dag.
Ny nasjonal handbok og nasjonal demensplan viser korleis kommunane kan nytte gardsbruk i sine tilbod for heimebuande personar med demens. I Rogaland er det allereie fleire døme på dagtilbod på gardsbruk for denne gruppa.
09.01.2017
PRESSEINFORMASJON: Torsdag 12. januar besøker H.K.H. Kronprinsen Haugesund og Klepp. I Haugesund deltar Kronprinsen under opninga av Kubator, før han drar vidare til Klepp og møte i hovudkomiteen for europameisterskapen i surfing i 2017 og 2018.
03.01.2017
Varselet om storm 2. juledag er oppgradert til ekstremvêrvarsel. - Folk bør sikra lause gjenstandar og halda seg unna strandsonene, oppmodar fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen.
23.12.2016