Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Statsråd Sylvi Listhaug har sett i gang ein landsomfattande mat- og måltidskonkurranse der alle sjukeheimar i landet blir inviterte til å delta. Konkurransen "Gylne måltidsøyeblikk" ønskjer å bidra til auka matlyst og god atmosfære rundt måltida.
17.09.2015
Annankvar haust sidan 1979 har haust betydd valkamp for Magnhild Meltveit Kleppa. Slik er det ikkje i år, for første gong på 36 år. Noko vil ho sakna.
03.09.2015
18 saker var meklingstema 11. august. Mekling om kommuneplan Sola 2015-2026 ga forslag til løysing på dei fleste sakene.
26.08.2015
Fylkesmannen sender i desse dagar ut eit brev til kommunane med eit tilbakeblikk på kommunereformprosessen i Rogaland, og litt om korleis vi ser føre oss vegen vidare fram mot endelege vedtak i 2016.
25.08.2015
Søndag 16. august opnar H.K.H. Kronprinsen Den norske filmfestivalen i Haugesund. Festivalen er den 43. i rekka. Kronprinsen får med seg verdspremierane på både katastrofefilmen «Bølgen» og dokumentarfilmen «Pøbler», ein film som er støtta av Kronprinsparets Fond.
12.08.2015
Ei stor og viktig oppgåve for framtida er å løyse utfordringa med å gi den hurtigveksande eldregenerasjonen nok og ernæringsmessig rett mat. Derfor blir det invitert til ei inspirasjonssamling 19. august på Måltidets Hus i Stavanger kl 10 – 13.
05.08.2015
Vi gjennomfører sommaren 2015 naturtypekartlegging i hovudsak av kystlynghei i heile fylket, men og av store eiker, skog og andre naturtypar. Tidspunkt for kartlegginga er avhengig av framdrifta i arbeidet, været m.m. og vi orienterer difor grunneigarar og andre med denne kunngjeringa.
06.07.2015
19. juni blei ein ny instruks for Fylkesmannen sitt arbeid med samfunnsstryggleik og beredskap vedtatt. Fylkesmannen sitt samordnings- og pådrivaransvar når det gjeld samfunnstryggleiksarbeidet i fylket er tydelegare enn før.
03.07.2015
Onsdag varsla NVE flaumfare på gult nivå i Suldal. I dag er aktsemdsnivået heva til oransje og gjeld både Suldal og Sauda.