Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fylkesmannen i Rogaland oppmodar alle i Rogaland som veit om nokon som bør heidrast med minnemedalje for innsatsen sin under andre verdskrig, om å ta kontakt snarast med kommunen sin.
24.03.2015
Gardbrukarar frå sørfylket gjennomførte onsdag brenning av lyng- og grashei i Synesvarden landskapsvernområde i Hå. Lyngbrenninga skjedde på oppdrag frå Fylkesmannen og er saman med beiting, eit skjøtselstiltak for å ta vare på landskapet.
20.03.2015
10. januar 2015 blei Rogaland råka av ekstremvêret Nina. Uværet førte til flest skadar i Nord-Rogaland, og det var straumbrot og problem med telefonsambandet som skapte størst problem. Dei mest omfattande skadane fekk Tysvær kommune, viser evalueringsrapporten.
19.03.2015
Fylkesmannen har nå laga ei oversikt over status i kommunane når det gjeld arbeidet med kommunereforma. Med få unntak er kommunane i Rogaland i god prosess med utgreiingar. Førebels har berre Forsand, Hjelmeland og Strand spørsmålet om samanslåing oppe til konkret vurdering.
Artsdatabanken lanserer den nye raudlista mot slutten av 2015, men allereie no kan du gå inn å sjå på dei førebelse resultata.
06.03.2015
Er leiaren si haldning til fornying avgjerande for at nye løysingar blir utvikla og tatt i bruk? Det er ei av problemstillingane som Innovasjonskonferansen 2015 skal handla om. Meld deg på i dag!
Kan nye og større kommunar styrka kulturlivet? Kva rolle skal kulturlivet ha i prosessen rundt kommunereforma? Aslak Sira Myhre er ein av foredragshaldarane.
04.03.2015
PRESSEINFORMASJON: I morgon besøker DD.KK.HH. Kronprinsen og Kronprinsessa Pøbelseminaret i Stavanger.
27.02.2015
Frå før var det klart at H.K.H. Kronprinsen kjem. Når er det klart at også H.K.H. Mette-Marit kjem til Pøbelseminaret i Stavanger.
25.02.2015
Det har vore etterspurt ei stund, men nå er ventetida over. Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har fått laga eit ferdig verktøy for innbyggjarundersøkingar til bruk kommunereforma.