Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Rogaland omdisponerte 737 dekar dyrka jord i 2013. Omfanget er lågare enn ein del andre år, men framleis høgast av alle fylke.
01.04.2014
Dette varslar Oikos på nettsida etter at SLF kom med nye salstal over økologiske produkt. Omsetnad av økologiske produkt auka med 15,7 prosent frå 2012 til 2013, og ligg no på 1,65 milliardar kroner.
21.03.2014
Jærkommunane Time, Klepp og Hå er saumfart for hekkande viper, den fyrste totalteljinga av sitt slag. Her finn ein truleg den største samlinga av hekkande viper i landet, - og Klepp er klart den viktigaste kommunen.
Neste møte i rovviltnemnda region 1 vert 27. mars i Statens hus i Stavanger.
19.03.2014
I dette nummeret av Land og bruk står det mellom anna om bruken av BU-midlane i 2013 og bruken av SMIL-midlane i 2013. Det står og om oppdragsbrevet frå Fylkesmannen til Innovasjon Norge Rogaland om føringar for bruken av BU-midlane i 2014. Last ned Land og bruk nr. 1 - 2014.
07.03.2014
Alle dei bedriftsretta BU-midlane blei brukt opp i 2013 og storparten av midlane har gått til 36 nye storfefjøs og 27 sauehus. Dette er vonleg eit godt teikn på at bøndene i fylket også vil investere i åra som kjem.
05.03.2014
Er det mogleg å bygge nytt kufjøs for mjølkeproduksjon til ein kostnad på maksimum 100 000 kr per båsplass og som i hovudsak er tilpassa garden sitt ressursgrunnlag? Svaret er ja. Mange bønder har møtt opp på møte der dette er tema.
27.02.2014
Storfeprodusentar ønskjer meir kunnskap om økonomi og rasjonell drift, og det er grunnen til at dei no blir invitert på møtet om økonomi på Landbrukssenteret på Helleland 5. februar kl 19 – 21.
21.01.2014
Fristen for å søkje om midlar frå Miljødirektoratet for å ta vare på kystlynghei og 7 andre trua naturtypar er 15. januar 2014. Både privatpersonar, lag, organisasjonar og kommunar kan søkje.
07.01.2014
Fristen for å søkje om midlar frå Direktoratet for naturforvaltning for å ta vare på kystlynghei og 7 andre trua naturtypar er 15. januar. Både privatpersonar, lag, organisasjonar og kommunar kan søkje.
Velkomen til spennande og lærerike dagar på MatSmiå 19. - 20. februar på Karmsund vgs i Haugesund. Ein arena for inspirasjon, nettverksbygging og kompetanseheving!
03.01.2014
I dette nummeret av Land og bruk er det mellom anna informasjon om ei spørjeundersøking om brannvarslingsanlegg i landbruket, nye gardskart på nettet og status når det gjeld søknadar om erstatning for vinterskade på eng. Last ned Land og bruk nr. 5 - 2013 (PDF-fil).
19.12.2013