Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Nominasjonsprosessen er i gong for Bygdeutviklingprisen som kan lokke med 50.000 kroner i premie. No treng vi di hjelp til å finne fleire drivande, dyktige næringsutviklarar på bygda!
17.06.2013
Fredag 14. juni blei begge lovendringane sanksjonert av Kongen i Statsråd. Endringane i jordlova trer i kraft 1. juli 2013. Endringane i odelslova trer i kraft 1. januar 2014.
Frå september 2013 vil det for første gang i Rogaland bli arrangert kurs i Samfunnsentreprenørskap - lokal samfunnsutvikling. Kurset gir 10 studiepoeng.
Under jordbruksforhandlingane i 1999 valde landbruket miljøplan framfor å betale miljøavgift på mineralgjødsel.
06.06.2013
12 deltakarar frå landbrukskontora i Rogaland deltok på Fylkesmannen si samling om SMIL-ordninga (tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket). Samlinga vart arrangert på Sørbø Grendahus i Rennesøy kommune 24. april. Vi hadde i tillegg besøk av rådgivar Marit Annie Larsen som har ansvar for SMIL-ordninga hjå Fylkesmannen i Finnmark.
28.05.2013
Grensa for konsesjonsfri produksjon av slaktekylling er auka frå 120.000 til 140.000 omsette og slakta dyr. Forskriftsendringa av 26.04.2013 inneber at produsentar med ledig kapasitet kan auka sin produksjon i år.
24.05.2013
Nyttig informasjon om økologisk mat og landbruk: arrangement, kurs, bedriftsportrett, tall med meir. Nyheitsbrevet blir sendt ut i desse dagar til abbonnentene - enten elektronisk eller i posten.
15.05.2013
Det har vore lite endringar i tal søkjarar til SMIL-ordninga (tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket) samstundes som det har det vore ei jamn auke i SMIL-løyvingane dei siste åra. Løyving av SMIL-midlar til miljøtiltak hadde størst auke frå 2010 til 2012.
06.05.2013
Bjerkreim kommune har nekta IVAR konsesjon for erverv av ein landbrukseigedom fordi ervervet er vurdert å vere i strid med konsesjonslova. Fylkesmannen tek ikkje klagen til følgje og stadfestar Bjerkreim kommune sitt vedtak. Saka gjeld kjøp av ein landbrukseigedom på totalt 1309 dekar, der 153 dekar er jordbruksareal.
30.04.2013
I dette nummeret av Land og bruk er det mellom anna informasjon om heilskapleg tenking i jordlovsaker, reglar for beitesamarbeid og kvoteordninga for mjølk og vinterskade på eng. Last ned Land og bruk nummer 2 - 2013 (PDF-format).
12.04.2013
Fylkesmannen støttar hovudgrepa i den interkommunale kommunedelplanen for Bybandet sør, men etterlyser heilskap som sikrar ei kompakt, urban og kollektivprioritert bymessig utbygging.
20.03.2013
I tillegg til å delta på Internationale Grüne Woche var nettverksbygging viktig på studieturen til Berlin 25-28. januar. 37 matprodusentar og reiselivsfolk drog til Berlin for å oppleve Grüne Woche, delikatesseavdelinga på KaDeWe og økolandsbyen Brodowin.
31.01.2013