Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Rogaland biogassnettverk inviterer til digitalt temamøte 11. januar. Her vil Mattilsynet orientere om generelle krav til biogassproduksjon, og kva signal det er frå EU om endringar i regelverk. Landbruks- og matdepartementet vil snakke om handtering av biorest i pågåande revisjon av gjødselvareforskrifta.
10.12.2021
148 aktive bønder i Rogaland tek vekk piggtrådgjerde tilsvarande køyreavstanden frå Stavanger til Kristiansand (230 kilometer). Mykje av piggtrådgjerda blir erstatta med piggfri gjerde. Kommunane løyvde 2,8 millionar i SMIL-midlar til denne miljødugnaden i 2021
I følgje ferske tal frå drifsgranskingar er det store biletet at inntekta frå jordbruket i 2020 auka i gjennomsnitt med 9 % frå 2019. Det er stor variasjon mellom produksjonar. Det kjem elles fram at det blei investert vesentleg meir enn i 2019, men ikkje på Jæren.
09.12.2021
Kommunane i Rogaland har løyvd 11 millionar kroner til Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) i 2021, fordelt på 256 søknader. Desse midlane har gått til tiltak for kulturlandskap, biologisk mangfald, kulturminne, friluftsliv, fjerning av piggtråd og reduksjon av ureining i luft og vatn.
KULA-område er landskap det er knytt nasjonale interesser til. Eigen rapport for Rogaland med 19 registrerte KULA-område er no klar. Frå før er Hordaland, Østfold, Troms, Buskerud, Agder og Akershus del av registeret. Registreringa frå Riksantikvaren skal bidra til å ivareta og utvikle nasjonalt viktige landskap.
08.12.2021
Som følgje av koronapandemien har det vært større etterspurnad av mjølk dei siste to åra. No viser prognosane ein pårekna nedgang i etterspurnaden og mjølkebehovet komande år. Difor blir forholdstalet for kumjølk sett ned for 2022. Det betyr mindre mjølkeproduksjon nasjonalt og regionalt.
Statsforvaltaren har nyleg gitt uttale til høyring av detaljregulering for ny E 39 for delstrekninga Bue-Ålgård. Det planlagde veganlegget legg beslag på store mengder med jordbruksjord også på denne strekninga. Det er derfor positivt at det blir lagt opp til kompenserande tiltak med nydyrking, men dette må ikkje komme i vesentleg konflikt med naturverdiane.
03.12.2021
Nyyyt AS vinner Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Rogaland for sitt utrettelige arbeid med lokal kvalitetsmat. Foredlingen av sau, svin og storfe for lokale bønder blir lagt merke til.
Grovt rekna er to av tre agurkar og tomatar me har spist så langt i år blitt produsert i Norge. Det blir funne vesentleg meir restar av plantevernmiddel i importerte tomatar og agurkar enn i norskprodusert vare.
Onsdag 1. desember arrangerte vi webinar saman med Rogaland fylkeskommune og Innovasjon Norge om prioritering av investeringsmidlar i landbruket for 2022.
01.12.2021
Statsforvaltaren i Rogaland har ved fleire tilhøve klaga på vedtak gjort av kommunane i fylket når det er gitt dispensasjon til frådeling av gardshus. Statsforvaltaren får ofte medhald i klagen frå settestatsforvaltaren. I to sakar frå Rogaland har kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) gjort om settestatsforvaltaren sitt vedtak.
Olaug Vervik Bollestad (KrF) stilte i Stortinget spørsmål til kommunal- og distriktsministar Bjørn Arild Gram 29.10.2021 om desse avgjerdene er å rekne som prinsipielle. Gram svarte Bollestad den 04.11.2021.
26.11.2021
5 prosent prosent av Norge er bebygd eller opparbeida areal. 95 prosent er utmark. Bruk av landet er å bruke utmarka. NIBIO la nyleg fram ein rapport som viser det fotosyntesebaserte ressursgrunnlaget for verdiskaping i utmark. Dette er skogbruk, utmarksbeite, reindrift, jakt og fiske og høstingsbruk.
24.11.2021