Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Norges Vel inviterer gardbrukarar som vurderer å investere i solenergi til digitalt kurs. Her får dei vite meir om solenergi-teknologi, dimensjonering av anlegg og relevante faktorar for lønnsemd. Kurset er digitalt og går over to kurskveldar, tysdag 23. november og torsdag 25. november.
01.11.2021
Statsforvaltaren inviterer nytilsette i kommunal landbruksforvaltning til introduksjonskurs torsdag 2. desember. Her blir de kjende med landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren.
I dag er Bent Høie på plass og overtar som statsforvaltar i Rogaland.
20 utvalde lokalmatverksemder frå heile Vestlandet reiser januar 2022 til messa Internationale Grüne Woche (IGW) i Berlin.
29.10.2021
Landbrukspartnarskapet i Rogaland varslar ekstra fokus på mjølkefjøs for inntil 30 kyr med basis i eiga kvote og eige grovfôrgrunnlag ved tildeling av investeringmidlar i landbruket. Andre grupper med prioritet er nye grøntprodusentar med marknadsadgang og klima- og miljø-tiltak.
I Hurdalsplattforma vil regjeringa senke kvotetaka for mjølkeproduksjon for kumjølk mot 500 000 liter frå dagens nivå til 963 000 liter, korrigert for forholdstalet på 1,07. Korleis påverkar endringa mjølkeproduksjonen i Rogaland og for bøndene som ynskjer å utvida produksjonen?
Rogaland fylkeskommune og Høgskulen på Vestlandet inviterer nybegynnarar til kurs 17. november i Haugesund. Kurset er gratis og gir deltakarane eit innblikk i kva som skal til for å skrive ein god prosjektsøknad.
28.10.2021
Me gjennomfører no ei kartlegging av kor mange juletreprodusentar som melder inn salet sitt til VSOP. Dette gjer me ved hjelp av stikkprøvar.
26.10.2021
Konrad heter den nye kjendisen som stakk av med seieren i Norgesmesterskap i ost.
Landbruks- og matepartementet har vedteke ei endring i forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket § 4. Endringa gir landbruksforvaltninga eit betre verkty til å følga opp saker der det er gjort inngrep som øydelegg kulturlandskapet, eller der kravet om vegetasjonssone mot vassdrag er brote.
22.10.2021
Me har dei siste åra fått ein del nye fruktprodusentar spreidd rundt om i fylket. Fleire av desse plantingane er i område der skadegjeraren pærebrann er utbreidd.
Interessa og etterspurnaden av bevaringsverdige storferasar har vært aukande dei siste åra. Den 18. oktober blei produsentar, interessentar, rådgjevarar og Ryfylkekokken samla på eit innhaldsrikt fagmøte. Møtet blei arrangert i samarbeid med Urfe SA, Nortura og Statsforvaltaren i Rogaland.