Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Reve kompost har gjort handtering av organisk avfall til solid business. I dag fekk dei Bedriftsutviklingsprisen i landbruket i Rogaland for sitt arbeid. – Dei bidreg til sirkulærøkonomi i praksis, seier juryleiar og leiar av Innovasjon Norge i Rogaland, Kari Holmefjord Vervik.
08.12.2020
Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) skal motivere aktive bønder til frivillig innsats for å ta vare på kulturlandskapet og biologisk mangfald, samt hindre ureining. Rogalandsbøndene og kommunane har i 2020 tatt ansvar for å redusere ureining frå landbruket.
07.12.2020
Det er mange nyhende om korleis me skal redusere klimagassutslepp og tilpassa oss til ein kvardag med våtare og villare ver. Landbruket er inga unntak. For å nemne nokre relevante omtala tema finn du Klimakur 2030, klimaavtalen mellom regjeringa og jordbruket, landbrukets klimaplan og klimakalkulator.
02.12.2020
Vidareføringa føreset vedtak i Stortinget før jul. Ordninga tilførast ikkje nye midlar. Av ei totalramme på 50 mill. kr står det att litt under 10 mill. kr som ikkje er disponert/løyvd, og som kan brukast mot eventuelle nye søknadar i 2021.
01.12.2020
Fylkesmannen sine oppgåver i arealplanlegginga i kommunane, har vore eit tema som har skapt debatt i Rogaland denne hausten. Diskusjonar rundt oppgåvene våre, og måten me løyser dei på, er velkomne. Dei bidrar til refleksjon hos oss og oppdragsgivarane våre. Samtidig ser me at ikkje alle er klare over kva me faktisk er pålagde å ta omsyn til.
26.11.2020
Klauvsjukdommen digital dermatitt er på frammarsj i Noreg, og innsatsen til bøndene er avgjerande for å halde den i sjakk.
25.11.2020
Ein ny undersøking frå Norwegian Research Centre (Norce) konstaterer at 70 prosent av plasten i norske lakseelvar er rundballplast. Landbruket bør difor ta meir ansvar for sikre at plast og anna landbruksavfall blir handsama på rett vis.
Kor mykje kostar det å få på plass resirkulering av gjødselvatn i eit gartneri? Og når sparar gartnaren så mykje gjødsel at eit slikt anlegg blir lønsomt? Dette har NIBIO undersøkt, og rapporten er klar.
24.11.2020
Nå kjem snart nokre av oppskriftene våre på korte filmar som gjer at kven som helst kan sjå dei heime hos seg sjølve.
Ein av grunnane til at lokalmatverksemda Nyyyt frå Bjerkreim har lukkast i daglegvarehandelen er at dei har "eit vanvittig, sterkt fokus på kvalitet".
Ønsket kjem frå ASKO og Norgesgruppen, og dei rår lokalmatprodusentar som tenker seg inn i daglegvaresegmentet om å vere godt førebudd. Treng du hjelp, så vil dei gi det.
23.11.2020
Landbruksdirektoratet har publisert ein førebels statistikk over føretak, areal og dyr basert på søknadene om produksjonstilskot i jordbruket for 2020. Tala viser utviklinga i dyretalet for Rogaland for dei ulike produksjonane. Det har vært ein auke i sauebestanden og ammekubestanden siste år, medan tal for mjølkeku og avlspurker har gått ned.
20.11.2020