Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Tor Åge Hundseid lagar makelause skinker med bruk av eldgamle teknikkar. Det er unikt og det er ekte, og skinkemakaren sjølv er lidenskapleg oppteken av kvalitet og historieformidling.
15.10.2020
Epleproduksjonen i Ryfylke er redusert med minst 25 prosent samanlikna med i fjor. Den kalde våren får skulda for at fruktåret ikkje blir så godt.
Mange gode, lokale råvarer og ferdigprodukt frå Suldal og omegn blir løfta fram av Suldalsposten.
Me har ikkje råd til å la vere, seier dei i kor dei fire kommunane som nyleg underskreiv intensjonsavtaler med Fylkesmannen om deltaking i pilotprosjektet «Matgledekorpset i Rogaland».
14.10.2020
Søknader om produksjonstilskot og avløysartilskot må leverast innan fristen. Dersom du leverer søknaden etter fristen, blir utbetalinga redusert med 1 000 kroner for kvar dag over fristen.
Fagdagen om gardsvarmeanlegg den 12. november på Bryne er utsett inntil vidare som følgje av koronasituasjonen.
12.10.2020
I 6 månedar framover vil du møte Geir Gudmestad på landbruksavdelinga. Gjennom vinteren skal han sette skogbruksplanen på kartet ved å legge til rette for aktiv bruk av planverktøy, både for forvaltninga og skogeigarane.
Helene Medhus Skedsmo er tilsett som seniorrådgjevar innan samfunnsplanlegging og arealforvaltning i 100 % stilling på landbruksavdelinga frå 1. oktober.
07.10.2020
Malene Hassel Sørensen er tilsett som rådgivar hjå landbruksavdelinga, og skal ha eitt års vikariat i plangruppa.
06.10.2020
Velkommen til fag- og inspirasjonsdag om jord og småskala grønnsaksdyrking 13. oktober på Særheim.
01.10.2020
Framleis er det attende SMIL-midlar i potten, og Fylkesmannen prioriterer tiltak mot forureining når restmidlane skal fordelast mellom kommunane.
Søknadsfristen er 15. oktober. Søknadssystemet opnar for registrering 1. oktober, og vi tilrår at søknaden blir levert i god tid før fristen.