Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Oppkjøpsordninga for kumjølk 2020 er avslutta. Oversikta viser at det er meldt inn 79 søknadar om sal av mjølkekvote frå Rogaland. Desse utgjer til saman vel 7 millionar liter, som er litt mindre enn avsatt til ordninga.
17.04.2020
I følgje prognosar for mars går det nå mot underskot på storfe- og svinekjøt. Underskotet blir truleg større enn det vi såg føre oss i starten av 2020. I ei tid med aukande prisar på kraftfôr er dette godt nytt for produsentane.
16.04.2020
I 2019 løyvde kommunane i Rogaland 7,34 millionar til Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) til totalt 119 søknadar.
07.04.2020
Opprinneleg skulle ny plan på høyring 1. oktober, men blir utsett til 1. januar på grunn av korona-epidemien. Planen skal beskrive korleis det står til med vatnet vårt, kva miljømål vi skal nå, og kva tiltak som må setjast i verk for at vi skal nå måla.
06.04.2020
Tømmeraktørane er i forkant og har allereie sikra seg lokal arbeidskraft for å kunne gjennomføre vårplanting i skogen som planlagt.
02.04.2020
Har du gode forslag kan du senda dei til Fylkesmannen før 21. april, så formidlar vi vidare. Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet og Stiftelsen Norsk Kulturarv samarbeider årleg om tildeling av Den Nasjonale Kulturlandskapsprisen.
01.04.2020
I rapporten "Grøntsektoren mot 2035" skisserer utvalget både scenarier og ambisjoner i et 15-års perspektiv. Med det som bakteppe er det formulert konkrete anbefalinger.
Kroppen vår er avhengige av viktige byggeklossar som protein, vitamin og mineral. Egg er proppfull av slike godsaker, og har mange bruksområde. Kokt egg, stekt egg, eggedosis, til baking og matlaging og til påskepynt!
I slutten av februar fekk alle landbruksføretak utbetalt produksjons- og avløysartilskotet for 2019.
31.03.2020
Førebelse tal for 2019 viser at det i Rogaland blei omdisponert om lag 580 dekar jordbruksareal gjennom plan. Dette viser ei auke sett i høve til det vi har registrert dei siste åra, samstundes er talet lågare enn gjennomsnittet for dei siste 10 åra på om lag 900 dekar.
27.03.2020
Koronakrisen satte stopper for Josefine sin forbrukerundersøkelse. Nå trenger hun din hjelp for å komme i havn med studentoppgaven sin. Vi håper du setter av 5 minutter til å svare på en kort undersøkelse om dine butikkvaner.
I februar blei det lyst ut ein uformell konkurranse om å finne det høgste treet i Noreg og i kvart fylke. Vinnaren i Rogaland står ved Ritlandsvatnet i Suldal. Me gratulerer! Treet er heile 46,1 meter og har overlevd skrivemaskina, unionsoppløysinga og både ein og to verdskrigar. Mykje tydar på desse hendingane har gått stilt og roleg for seg rundt Ritlandsvatnet, for bestandet står fint enno.
24.03.2020