Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Dersom du meiner det kan vere feil i utbetalinga av produksjons- og avløysartilskot, kan du klage. Fristen for å klage er 3 veker frå du mottok vedtaksbrevet.
25.02.2020
I veke 8 blei det utbetalt totalt 1,2 milliardar kroner til 4058 landbruksføretak i Rogaland.
Klauvsjukdommen Digital dermatitt aukar i omfang blant norske storfebesetningar. Rogalandsbønder er med i eit stort forskingsprosjekt som skal finne årsaker og smittemønster.
Rogaland er tildelt 41 millionar kroner i investeringsmidlar for landbruket. Størsteparten av midlane vil gå til mjølkesektoren som har eit omfattande fornyingsbehov.
21.02.2020
I Vikebygd i Vindafjord finn vi eit godt døme på billig fjøs bygd i tre frå eigen gard.
20.02.2020
Etter nesten 1 års vakanse på skogområdet er ny medarbeidar endeleg på plass. Birgit Sundbø Hagalid er tilsett som ny skogrådgivar i 100 prosent stilling på landbruksavdelinga frå 3. februar.
19.02.2020
Korleis skal vi kome vidare mot målet om 30 prosent av husdyrgjødsla gjennom biogassanlegg? I ein fersk rapport har representantar frå Landbruksdirektoratet, Norges Bondelag, Norsk Bonde og Småbrukarlag, ENOVA, Innovasjon Norge og Miljødirektoratet gitt sine tilrådingar.
17.02.2020
Vi inviterer bønder, entrepenørar og andre vipeinteresserte til kveldsmøte om vipa på Tysvær rådhus. Her skal vi høyre meir vipa sitt levesett, erfaringar frå satsinga Vern vipa, om regionalt miljøtilskot og om bønder som gjer tiltak på eigen gard.
13.02.2020
Regjeringa fornyar satsinga på Inn på tunet. Over ein treårs periode vil dei bruke 12 millionar kroner på 3–4 pilotprosjekt på landsbasis. Dei aktuelle satsingsområda er demensomsorg, skule- og pedagogiske tilbod, samt psykisk helse, rusomsorg og arbeidstrening.
10.02.2020
Bønder bryr seg om vipa, og vipa vil vere på Jæren. Vi meiner det er på tide at ho får sin eigen fagdag, og ønskjer velkomen til Undheim samfunnshus 4. mars. Her skal vi høyre meir vipa sitt levesett, jakt på kråke og rev, om regionalt miljøtilskot og om bønder som gjer tiltak på eigen gard.
06.02.2020
Kjendiskokken Kjartan Skjelde og fleire andre kokkar vil inspirere og lære frå seg om foredling og bruk av norske råvarer. Matsmiå går av stabelen på Jåttå vgs 18.– 19. mars, og nå er programmet klart. Meld deg på!
03.02.2020
Kommunen godkjenner nydyrking og kontrollerer at forskrift om nydyrking blir følgt opp. Av og til møter landbruksforvaltninga på tilfelle av ulovleg nydyrking. Her er eit forslag til korleis kommunen kan følgje opp slike saker.