Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Korleis kan vi med FNs berekraftsmål i bakhovudet, hjelpe bygdefolket til å bli meir innovative og nyskapande, samt sikre auka verdiskaping frå landbruket? Spørsmålet blir stilt av kommunane Tysvær og Vindafjord.
14.10.2019
Det vil handle om bonden som må ta riktige val til riktig tid når spesialveterinær Elisiv Tolo frå Animalia kjem til Agrovisjon.
11.10.2019
Dette er fristen for å levere andre del av søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid for 2019. Både planteprodusentar og husdyrprodusentar kan levere søknad i oktober.
10.10.2019
I statsbudsjettet for 2020 kjem det fram at det er ein auke på 5 % i løyvingane under Landbruks- og matdepartementet, til i alt 20,4 milliardar kroner.
08.10.2019
Trur du det er lite miljøvenleg å produsera tomatar i veksthus i Noreg? Det er faktisk heilt feil!
04.10.2019
I 2020 blir det mogleg for alle landbruksføretak i Rogaland å søke på Regionalt miljøprogram sitt Vipetilskot. Det blir gitt tilskot til å sette av ei pløgd sone dyrka mark til hekking for vipene i intervallet 10. mars til 1. juni. Dei interesserte må melde ifrå til kommunen før 15. oktober i år.
Det handlar om mykje meir enn strø til grisen, ikkje minst om bonden sjølv. Professor Randi Oppermann Moe kjem til Agrovisjon 2. november der ho vil gå nærare inn på omgrepet «dyrevelferd», standardar, driftsopplegg og stellfaktor.
Møta blir arrangert regionvis i 2020. Dei nye kommunestyra har ennå ikkje konstituert seg, men fylkesmann Lone M. Solheim inviterer alt nå til tidleg dialog og godt samarbeid.
03.10.2019
Kommunane på Haugalandet tek grep for å redusere avrenninga frå jordbruket til bekker, elver, innsjøar og sjø. Nyleg blei prosjektet ‘Frivillige tiltak i landbruket – Haugalandet’ etablert som eit samarbeid mellom Vindafjord, Haugesund, Karmøy og Bokn der Vindafjord har arbeidsgivaransvaret.
– Eg drivast av lysten til å få det til, seier bonde og snart eigar av eige ysteri og gardsutsal, Siri Rasmussen Lea. Saman med mannen Jon Lea set dei nå i gang med ein større satsing på Varhaug med produksjon av ost frå eigen mjølk på garden.
02.10.2019
Vil du sjå korleis Inn på tunet-gardane kan skreddarsy gode tilbod til ulike brukargrupper? Bli med på studietur onsdag 16. oktober.
01.10.2019
Langsiktig og målretta arbeid over tid gir resultat. Flisbasert bioenergi varmar opp stadig fleire bygg i Rogaland. Saman med bruk av tre i fleire større byggjeprosjekt og landbruksbygg er dette bioøkonomi i praksis.