Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Den reviderte nasjonale jordvernstrategien frå 2015 har sett fart på jordvernarbeidet i Rogaland. Jordvern er nå forankra i eigen regional strategi og plan, og får meir merksemd også i det kommunale planarbeidet. Det gir gode utsikter for jordvern i matfylket Rogaland.
30.09.2019
Fylkesmannen i Rogaland har gitt uttale til forslag til kompensasjonsordning etter avvikling av hald av pelsdyr. Her peikar me på at det å bruke bokført verdi som grunnlag ikkje utan vidare gir ein rettferdig kompensasjon.
23.09.2019
Landbruksavdelinga var nyleg på studietur i Sør-Tyskland, - i delstatane Baden-Württemberg og Bayern. Regionen har mykje natur og fine landskap med eit variert landbruk. Landbrukets klima- og miljøsatsing vises att i kulturlandskapet og i positive haldningar blant bøndene vi besøkte.
18.09.2019
Bransjen inviterer husdyrbønder til dyrevelferdsseminar laurdag 2. november under Agrovisjon. Målet er å gjere bøndene tryggare på dyrevelferd, fordi friskare dyr gir høgare kvalitet.
13.09.2019
Fylkesmannen si Landbruksavdeling har vore på studietur til Sør Tyskland, der mellom anna frukt- og grønsaksprodusentar vart vitja. Desse hadde interessante, og for oss nye salskanalar.
09.09.2019
Prisen blei i dag delt ut av landbruks- og matminister Olaug Bollestad. Fylkesmannen i Rogaland nominerte Randaberg til prisen.
02.09.2019
Velkomen til en dag med spennande foredrag og drøs, på Øksnavad torsdag 26. september.
29.08.2019
Fylkesmannen inviterer landbruksforvaltninga i kommunane til dialogmøte. Tema som blir tatt opp er mellom anna handsaming av konsesjonssaker, SMIL og drenering, felles skogforvaltning i Sør-Rogaland med meir.
26.08.2019
Skal du søkje om regionalt miljøtilskot? Då må du teikne alle tiltaka på nytt inn i kartet. I år kan du ikkje hente inn kartdata frå tidlegare søknadar. Vi anbefaler difor alle om å sende søknaden i god tid før søknadsfristen 15. oktober.
23.08.2019
Kvitsøy har hatt revidert kommuneplan på høyring. Kvitsøy innehar mange unike verdiar, til dømes eit særeige landskap. Fylkesmannen har innvendingar til tiltak som vi meiner utfordrar Kvitsøy sin eigenart, til dømes omsynssone til hotell i strandsona.
22.08.2019
Tysdag 27. august inviterer NLR Rogaland til markvandring hjå Lars Braut og på Felleskjøpet sin forsøks- og stamsædgard i Klepp. Her kan alle interesserte sjå døme på sådde pollinatorsoner, og bli med på å diskutere korleis vi kan få meir pollinerande vekstar i jordbruket
21.08.2019
Fylkesmannen gir 350 000 kr til prosjektarbeid retta mot bøndene med mål om betre dyrevelferd og dyrehelse.
16.08.2019