Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Det handlar kort og godt om å få fram den unike smaken i produkta og å skilje seg ut.
16.08.2019
Reiselivsaktørar har gått saman og laga ferdig reiserute for el-syklar frå Sola til Eigersund. Den første testturen er nå gjennomført.
Spesialrapporten frå FNs klimapanel som blei presentert 8. august, byggjer på 7000 vitskaplege publikasjonar og over 28 000 kommentarar frå ekspertar og styresmakter. Skogtiltaka blir igjen peika på som ein viktig del av løysinga.
15.08.2019
Rogaland landbruksselskap deler årleg ut ein heiderspris. Denne skal gå til ein eller fleire med yrket sitt i landbruket, fortrinnsvis aktive bønder som har gjort ein positiv innsats ut over det ein normalt kan forvente.
07.08.2019
10 år er gått sidan kronprins Håkon opna satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket i Hedmark. Den nasjonale markeringa av jubileet er lagt til Rennesøy den 20. august 2019.
Kommunane på Jæren med unntak av Sola har innskjerpa fristen for spreiing av husdyrgjødsel til 1. september. Avrenning frå jordbruk er ei utfordring for vasskvaliteten i området, og nå ber Jæren vannområde kommunen om å ta opp saka på nytt.
06.08.2019
Rogaland tek ein liten tjuvstart på Økouka og startar med politisk debatt med grønn profil 22. august. Seinare i haust kjem mellom anna temakveld om insekt og bier. Vi rår interesserte om å følge med på Økouka Rogaland.
Olaug Bollestad skal i dag vere med på innhausting av gulrøter hos Laurits Stokkeland på Brusand. Han er ein av landets største grøntprodusentar.
29.07.2019
For 21. gang har Gladmat erobra Stavanger sentrum. Statsminister Erna Solberg opna festivalen i dag framfor fleire hundre tilskodarar. Ho peika på at Rogaland er eit stort og viktig landbruksfylke. «Her er det stor produksjonsvilje, effektiv ressursutnytting og det er framoverlente bønder» – kunne Erna fortelle.
24.07.2019
Fylkesmannen har i samarbeid med næringsaktørane og kommunane utarbeidd nye maksimalsatsar og rettleiande kostnadsgrenser for skogkulturtiltak i Rogaland. Kostnadsgrenser for produksjon av juletre og pyntegrønt er inkludert.
I samband med arbeidet med revisjon av Regionalplan Jæren kjem det fram at det er godkjend 23 000 dekar jordbruksjord til framtidig nedbygging. Målet må vere at ikkje alt dette blir bygd ut.
23.07.2019
Time kommune har no hatt arealdelen av kommuneplan 2018-2030 ute til offentleg ettersyn. Kommunen har gjort eit godt arbeid, særleg med føresegner, ROS-analyse og vasshandtering. Me har likevel av omsyn til jordvern, miljø og samordna bustad-, areal- og transportplanlegging (BATP) motsegner og faglege råd til fleire av arealforslaga.
15.07.2019