Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
På gardsbruk der det er funne alvorlege brot på regelverket for dyrevelferd i dyrehaldet, trekk landbruksforvaltninga i produksjonstilskotet til føretaket.
03.05.2019
I slutten av februar fekk alle landbruksføretak utbetalt produksjons- og avløysartilskotet for 2018. 143 føretak i Rogaland har fått eit eller fleire trekk i tilskotet av ulike årsaker.
25.04.2019
Fylkesmannen i Rogaland fekk i år 690 000 kr til å støtte regionale prosjekt. Så langt har sju prosjekt fått støtte.
23.04.2019
Inn på tunet er tilrettelagte og kvalitetssikra velferdstenester på gardsbruk. Tenestene skal gje meistring, utvikling og trivsel. Gardsbruk er ein eigedom som blir nytta til jord-, skog- eller hagebruk. Aktivitetane i tenestetilbodet er knytt til garden, livet og arbeidet der.
16.04.2019
Fylkesmannen i Rogaland meiner Randaberg kommune er ein god kandidat for jordvernprisen. Dei har gjennom sitt kommuneplanforslag gjort fleire viktige grep for å styre veksten med mål om minst mogleg nedbygging av jordbruksjord.
11.04.2019
Statsråd Olaug Bollestad er i Gjesdal komande fredag. Ho blir med kommunen ut til satsarbønder, som alle har gjort større investeringar den siste tida.
09.04.2019
– Skogplanting er eit godt klimatiltak, stadfestar sluttrapporten og evaluering av pilotprosjektet «Planting av skog på nye areal 2015-2018». I tillegg kjem det fram at tiltaket har god næringseffekt.
Frå 15. oktober 2018 er det opna opp for at personar som eig og/eller leiger ein landbrukseigedom kan få autorisasjon for å bruke enkelte middel mot gnagarar. Dei må ha eit kurs i 'gnagerbekjempelse' i tillegg til gyldig autorisasjonsbevis for plantevernmiddel.
05.04.2019
Fylkesmannen behandlar mange dispensasjonssaker frå eige fylke, eller som settefylkesmann, der jordvernet blir pressa av utbyggingsinteressene. Det skal mykje til å sette til side jordvernet i slike saker. Det gjeld også tomtesaka frå Sandvoll i Kvinnherad.
Etter eit oppslag på denne nettsida om regionalt miljøtilskot til pollinerande insekt, blei det eit auka fokus på pollinerande insekt i fylket. Same dag, blei det halde en konferanse om pollinerande insekt i Oslo; Pollinatorforum.
25.03.2019
NIBIO har jordsmonnkartlagt fulldyrka og overflatedyrka jord i Finnøy kommune. Det betyr at vi veit meir om kva eigenskapar jorda har. Til dømes kva areal som treng drenering, og kva areal som er utsett for tørke. Dei nye karta er tilgjengeleg på kartbasen Kilden.
21.03.2019
Landbruket i Rogaland sin heiderspris for 2018 blei i dag delt ut til bonde Anita Øvregård frå Vindafjord.
18.03.2019