Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
At landbruket i Rogaland er ei av dei viktigaste næringane i fylket blir stadfesta i ny rapport, og held posisjonen sett i høve til andre næringar. Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og den landbruksbaserte industrien som er avhengig av landbruket var 6,3 milliardar kr i 2017.
18.03.2019
Landbruks- og matdepartementet har på høyring «forslag til endringer i forskrift om regulering av svine- og fjørfeproduksjonen». Den vanskelege marknadssituasjonen på svin førte til at avtalepartane ved jordbruksoppgjeret i 2018 bad om å få eit forslag til endring av husdyrkonsesjonsregelverket for å stanse vidare utvikling i bruken av eingongspurker.
15.03.2019
Regionalt miljøprogram gir oversikt over kva slags regionale miljøtilskot bøndene i Rogaland kan søkje på. No er programmet for 2019–2022 klart. Målet er at miljøtilskotet skal bidra til å løyse miljøutfordringane i Rogaland på mellom anna tap av biologisk mangfald, forureining og klimagassutslepp.
Det er fristen for å søkje om produksjontilskot i jordbruket for del 1 av søknaden for 2019. Det er tal dyr per 1. mars som skal førast opp i søknaden.
13.03.2019
Forbrukarane vil ha meir lokalprodusert mat. På konferansen 29. april på Moi vil du få lære meir om kundefokus og salskanalar.
12.03.2019
Frå og med 2019 kan bønder som legg til rette for pollinerande insekt få inntil 5000 kr i regionalt miljøtilskot. Dei må anten så i eigna frøblandingar på dyrka mark, eller skjøtte areal som har ei blanding av plantar som gir næring for pollinatorane gjennom vekstsesongen.
Alle søknadar om tilskot til Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) og tilskot til drenering av jordbruksjord skal nå sendast digitalt inn via ID-porten/Altinn. Rettleiingar og forklaringar ligg inne i sjølve søknadssystemet.
08.03.2019
Det er tid for ny beitelagssamling. Tema som blir tatt opp er mellom anna: Korleis bruke beitelagsmidlane best mogleg? Føring av rekneskap, dyrehelseforskrifta, merking av dyr, tilsyn i beitesesongen, ettersanking og samarbeid i "tomme område".
Torsdag 21. februar hadde forvaltninga og skognæringa den årlege skogsamlinga i Rogaland. Viktige tema som framtidig tilgang på hogstmoden skog og god forvaltning av skogressursane blei diskuterte.
05.03.2019
Ei arbeidsgruppe oppnemnt av landbruksdirektøren har utarbeidd forslag til organisering og finansiering av felles skogforvaltning mellom 16–18 kommunar, frå Lund i sør til Hjelmeland i nord. Det er allereie sendt ut førespurnad til alle aktuelle kommunar for å avklare interessa.
Fylkesmannen inviterer tilsette i landbruksforvaltninga i kommunane til to-dagars fagsamling på Haugalandet. Første dag skal vi ta opp sentrale forvaltningstema innan både jord- og skogbruk. Andre dag blir det gardsbesøk med spennande og relevante ting å sjå.
01.03.2019
Søknaden kan sendast inn frå og med 1. mars 2019. Du kan søkje på dei dyra du disponerer på teljedatoen 1. mars.