Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Regionalt miljøprogram, RMP gir oversikt over kva slags regionale miljøtilskot bøndene kan søkje på i Rogaland. Ny programperiode er 2019 – 2022, og frist for å kome med uttale er 18. februar.
14.01.2019
Det har skjedd fleire sentrale endringar i regelverket. Mellom anna kan bønder no få utbetalt tidlegpensjon samtidig med at dei får uføretrygd, arbeidsavklaringspengar, gjenlevendepensjon, dagpengar eller avtalefesta pensjon frå NAV.
11.01.2019
Sett av to helger i februar for å lære korleis du kan nytte historiefortelling til å gjere garden og omgivnadene meir attraktive.
09.01.2019
Innan 10. januar kan søkjar etterregistrere enkelte opplysningar i søknad om produksjonstilskot i jordbruket og tilskot til avløysing ved ferie og fritid for 2018.
07.01.2019
Nå er endeleg program for landbrukskonferansen 18. mars 2019 på plass, og vi har fått avtale med spanande innleiarar. Konferansen er aktuell for alle som er opptekne av framtida for landbruket. Meld deg på nå så er du sikra plass.
04.01.2019
18. mars blei Landbrukskonferansen 2019 arrangert i Stavanger. Det var stort engasjement med 240 deltakarar.
02.01.2019
I 2018 er det 4160 føretak i Rogaland som har søkt om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket. Det er ein nedgang på 35 føretak eller 0,8 % samanlikna med 2017.
28.12.2018
Hjelmeland kommune gav konsesjon for erverv av gardsbruk i Vormedalen. Omsynet til drifta og ressursforvaltninga tilseier at eigaren må bu på garden frå ervervstidspunktet. Fylkesmannen gjorde derfor om kommunen sitt vedtak om konsesjon med utsett buplikt.
21.12.2018
Landbruksdirektoratet har gitt fylkesmennene i oppdrag å kartleggje og greie ut kva som er dei største utfordringane når det gjeld utbetaling av tilskot, likebehandling og kompetanse. For å kunne gi eit svar på dette utarbeidde Fylkesmannen i Rogaland ei spørjeundersøking som blei sendt til landbruksforvaltninga i kommunane.
Kanskje ligg svaret i Regionalt bygdeutviklingsprogram (RBU)! Programmet blei endeleg behandla i landbrukspartnarskapet den 11. desember og blir nå send til Landbruks- og Matdepartementet til orientering. Dette blir eit viktig strategisk dokument for vidare utvikling av landbruket i Rogaland.
20.12.2018
Arbeidet med å motivere bøndene på Jæren til frivillig innsats for betre vassdrag held fram med nye fjes og ny forankring. Frå 1. januar 2019 overtek Hå kommune arbeidsgivaransvaret for satsinga «Frivillige tiltak i landbruket». Med på laget har dei kommunane; Klepp, Time, Sola, Sandnes, Gjesdal, Stavanger og Randaberg samt Fylkesmannen og Rogaland fylkeskommune.