Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Gjesdal har lagt ut ein avgrensa revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel til høyring. Forslaget er totalt sett eit planfagleg solid dokument, men nokre føresegner er i konflikt med nasjonale og regionale omsyn.
28.09.2018
Vi gratulerer NIBIO med eit flunkande nytt veksthus på Særheim. Her er det investert rundt 20 millionar kroner for å gi forskarane den beste reiskapen for å vidareutvikle ei næring som stiller store krav til teknologi, effektivitet og kvalitet.
Frå og med måndag 1. oktober kan du søka om produksjons- og avløysartilskot for 2018 – del 2. Søknadsfrist er 15. oktober.
13. oktober inviterer Suldal kommune og Astrid Brommeland i Bygdeutvikling til kurs med Magnhild Dyrdal. Kurset blir på Garaneset i Suldal.
25.09.2018
Det er ikkje logisk at Fogn skulle vere ei øy med så mange veksthusanlegg, med 8 produsentar og over 40 dekar med veksthus. Forklaringa ligg i god kompetanse bygd opp gjennomgenerasjonar, og ikkje minst eit sjeldan godt samarbeid mellom produsentane
Det er gjort eit solid kommuneplanarbeid i Sola. Kommunen har lagt fram gode arealforslag som i stor grad held seg til nasjonale og regionale føringar, som nullvekstmålet og Regionalplan for Jæren.
24.09.2018
Forslag om ny instruks for regionalt miljøtilskot gir store konsekvensar i Rogaland. Partane i jordbruksoppgjeret 2018 var samde om å styrke satsinga på bratt areal, samstundes foreslår Landbruksdirektoratet å ta bort tilskot til bratte innmarksbeite. Endringa utgjer om lag 8,4 millionar kroner i året for bøndene i Rogaland.
13.09.2018
Vel 100 000 fleire høner har gått frå miljøbur til aviarium det siste året. Nå er 50 % av tal verpehøns i Rogaland frittgåande, mot 40 % i 2016.
Oste-VM 2018 blir arrangert i Bergen i år og over 3000 ostar skal delta i konkurransen om å bli verdas beste! Programmet er stort og utenom å følgje med på kåringa kan du både delta på matfagdagen eller gå på matfestival.
12.09.2018
Bondens marked blir heldt 16. september som ein del av Miljøsøndag i Stavanger sentrum frå kl. 12-16.
10.09.2018
Dette kom fram under eit mobiliseringsmøte i Aksdal 5. september. Møtet samla ei brei gruppe av aktørar som fekk høve til å kome med innspel til kva utviklingspotensiale som er innan landbruk og nye næringar på Haugalandet.
06.09.2018
Tema for kontrollen er kommunen si forvaltning av ordninga med produksjonstilskot i jordbruket. Kontrollen vil bli gjennomført i Sandens kommune. Den vil også omfatte kommunane Stavanger og Kvitsøy då desse tre kommunane har felles landbruksforvaltning lokalisert i Sandnes.