Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Den langvarige tørkeperioden og varmen har gitt avlingsskadar i både korn- og grovfôrproduksjonen. Landbruks- og matdepartementet har, ut i frå denne heilt spesielle vekstsesongen, presisert korleis regelverket for avlingsskadeerstatning og arealtilskot skal praktiserast i 2018.
12.07.2018
Bønder som har jordbruksareal i kommunane; Hå, Time, Sandnes, Stavanger og Randaberg må framover spreie husdyrgjødsla innan 1. september. Opninga i regelverket for å spreie med nedmolding heilt fram til 1. november er med dette fjerna.
10.07.2018
Saman med vertskommunane inviterer vi landbruksforvaltninga til regionale samlingar i Suldal, Tysvær og Gjesdal siste veka i august. Her vil vi mellom anna be om innspel til ny programperiode for regionalt miljøprogram, RMP.
Har du eller veit du av nokon som har starta ei vellukka bedrift eller næring med basis i landbrukets og bygdenes ressursar? Vinnaren kan få heile 300 000 kroner.
Hestehald er blitt mykje populært, og tal hestar i Noreg er no ca. 91.000. Verdiskapinga i hestenæringa samla sett er stipulert 7,4 milliardar kroner. Landbruks- og matdepartementet (LMD) har utarbeidd ein nasjonal rettleiar «Hesten som ressurs» for å profesjonalisere næringa.
Planlegg du eit dreneringstiltak i løpet av dei neste tre åra? Dreneringstilskotet ligg no på omlag 2000 kr per dekar eller kr. 30,- pr. meter avskjæringsgrøft.
09.07.2018
Søknadsmateriellet for Regionalt miljøprogram 2018 er klart. Frå 1. august kan landbruksføretak i Rogaland søkje tilskot til miljøtiltak på si driftseining.
10. september blir det haustseminar om fiske- og vassdragsforvalting i Rogaland. Aktuelle tema for dagen er mellom anna regelverk og eksempel knytt til tiltak i vassdrag, flytting og utsetting av fisk og tilstanden til vassdrag/fisk i Rogaland.
Området Hamrabø, Mokleiv og Klungtveit er no blitt eit utvald kulturlandskap av stor nasjonal verdi. Her finn vi eit velstelt beitelandskap med vakre historiske bygningar, bakkemurar og styvingstre.
Ordninga med gjerdeklyvarar er frå 2016 supplert med hundportar som kan utplasserast langs turstiar.
Fylkesmannen i Rogaland forvaltar regionale klima- og miljøtiltaksmidlar i jordbruket. Fem prosjekt har fått finansiering i 2018.
Skjemaet for utreikning av spreieareal for husdyrgjødsel er oppdatert.
08.07.2018