Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Hjelmeland kommune har lagt ned mykje godt arbeid i kommuneplanrulleringa. Det har vore eit flott medverknadsarbeid, men for fleire tema saknar me meir overordna grep. Dette gjeld for tettstadsutviklinga i Årdal og Fister og område for akvakultur- og råstoffutvinning. Planen er på god veg, men det er behov for noko meir arbeid før endeleg vedtak .
29.05.2018
På si ferd til den grønaste delen av Rogaland nytta landbruks- og matminister Jon Georg Dale anledninga til å leggje fram sin bodskap om auka satsing på grønt, og at norske bønder må satse der det er rom for det i marknaden.
Tilskotssatsar for nokre produksjonar kjem til å auke. Det blir gitt tilskot for 1.års karens-areal. Midlar for utviklingstiltak innan økologisk er uforandra.
28.05.2018
Tysdag 29. mai skal statsråd Dale stå for den offisielle opninga av Klostergarden sitt gardsutsal på Rennesøy. Seinare på dagen vil han besøke Frøvoll gard i Randaberg som produserer grønsaker og urter i stor skala.
På Bjergsted i Stavanger veks det fram eit mektig bygg. Her skal hovudkontoret for Sparebank 1 SR-bank ligge, og det skal byggast i tre. Næringsaktørar frå skognæringa og landbruksavdelinga hos Fylkesmannen fekk besøke byggeplassen der spiker er eit fy-ord og synet av limtre gir salige blikk.
Onsdag 23. mai heldt Fylkesmannen møte om kunnskapsgrunnlaget for revisjon av gjødselvareforskrifta. Seniorforskar Anne Falk Øgaard snakka om fosfor og samanhengen mellom gjødsling, avling og avrenning, medan seniorforskar Lars Nesheim snakka om husdyrgjødsel.
24.05.2018
Allsidig produksjon på gardane er spesielt viktig for distriktsbygdene. Alt frå gamle våningshus og løer, eldhus, naust, husdyr, kulturlandskap til kompetente bønder kan utgjere grunnlaget for tenester som storsamfunnet nyter godt av og som sikrer arbeidsplassar og busetting.
11.05.2018
Vi inviterer til matfestival i Bergen. Som lokalmatprodusent kan du ha eigen salsstand. Er du kokk eller berre "matinteressert" kan du delta på studietur.
09.05.2018
Mai kom og viser seg skjønn og mild. Det er med glede vi ser at graset gror, og at småfe og storfe får kome ut på beite. Bøndene har snart lagt eit tøft fôrår bak seg, og vi er nok mange som håper på ein god vekstsesong i 2018.
08.05.2018
I løpet av det siste året er arbeidet med smittevern blitt intensivert i husdyrnæringa i Rogaland, og resultata lar ikkje vente på seg.
Å drive mjølkebruk i øysamfunn i Boknafjorden kan by på både kjente og ukjente utfordringar. Dei siste tiåra har det vore ein nedgang i talet mjølkebruk i Finnøy kommune.
02.05.2018
Lange avstandar mellom gardstun og åkrar tvingar fram nye og meir effektive driftsløysingar for bøndene.
30.04.2018