Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Kokkane meiner at kjøt frå dei gamle storferasane er fullt på høgde med det berømte Kobe-kjøtet viss ein behandlar det riktig. Kjøtet har tynnare muskelfibre og meir intramuskulært fett enn ordinære storferasar.
14.08.2018
Ein ny salskanal har dukka opp i Noreg i år: Reko-ringar. Produsentar møter kundar til avtalt tid for å selja gardsprodukt utan mellomledd. Dette kan bidra til betre lønsemd for produsentane, auke lokalmatproduksjonen og synleggjere småskala matproduksjon for forbrukarane.
09.08.2018
Det var stort oppmøte når Rogaland bondelag arrangerte møte på Jæren for å diskutere grovfôrsituasjonen. Deltakarane fekk nyttig informasjon og gode råd om korleis dei best skal handtere situasjonen med lite grovfôr.
Søknadsfristen er 31. oktober, men det er allereie no mogleg å søkje om forskotsutbetaling. Det kan betalast ut inntil 70 % forskot. Sidan endeleg dokumentasjon på årets avling ikkje er klar enno, må desse søknadene ta utgangspunkt i anslåtte avlingar.
Mykje sol og sjarm blei det for ungdommane som gjesta Rogaland i førre veka. Med seg heim har dei leirsekken full av flotte naturopplevingar, kjekke aktivitetar og mange, nye vennar!
08.08.2018
Er du matinteressert, kokk eller produsent? Da kan Matfestivalen vere den rette plassen for å komme i kontakt med andre, smake på produkt og lære om lokalmat.
06.08.2018
På grunn av dei alvorlege konsekvensane av den langvarige tørka, har Landbruks- og matdepartementet kome med presiseringar om korleis regelverket skal praktiserast når det gjeld arealtilskot og tilskot til dyr på beite. Mellom anna er det gitt ein generell dispensasjon frå kravet om at at hovuddelen av grovfôrinntaket til dyra skal skje ved beiting.
02.08.2018
Fylkesmannen får av og til spørsmål frå kommunane om regelverket for lagring og bruk av hestegjødsel. Korleis skal ulovlege deponi følgast opp?
01.08.2018
Bioøkonomistrategien for Rogaland er eit viktig steg i ei berekraftig retning for fylket. Strategien er ambisiøs, men ei klarare prioritering er nødvendig.
26.07.2018
Rogaland fylkeskommune har teke eit viktig initiativ for å redusere nedbygginga av jordbruksjord gjennom ein eigen jordvernstrategi. Målet er at det maksimalt skal omdisponerast 400 dekar årleg. Fylkesmannen i Rogaland finn mykje positivt i forslaget.
24.07.2018
Fristen gjeld jordbruksføretak som søkjer tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing gjennom Regionalt miljøprogram i Rogaland.
23.07.2018
Mattilsynet varslar at romeplanten kan vere orsak til at fleire storfe er funne døde i beite rundt om. Sjølv om rome er nokså giftig, er planta til vanleg ikkje noko problem for beitande husdyr. Tørke dette året har ført til auka beiting på myrlendte område med mykje romeplanter.
18.07.2018