Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Heilt sidan Aksjon Jærvassdrag si tid har det blitt arbeidd for å motivere til frivillig innsats for å minske miljøpåverknaden frå landbruket på Jærvassdraga. Olav Husveg og Olaf Gjedrem har lenge vore tilsett i Rogaland landbruksselskap som prosjektleiarar for «Frivillige tiltak i landbruket». Frå og med 2019 vil Hå kommune overta ansvaret, og to nye stillingar skal lysast ut.
27.04.2018
Bondens Marked arrangerer kurs 23. mai i Stavanger og 24. mai i Haugesund. Her vil du få gode, praktiske tips om vare- og kundekommunikasjon, prissetting av varer og praktiske utfordringar på marknader.
25.04.2018
Jordbruksføretak som gjer uønskte inngrep i kulturlandskapet mister retten til areal- og kulturlandskapstilskot. I omgrepet kulturlandskap høyrer både landskapsbiletet, mangfaldet i naturen og kulturhistoriske verdiar med.
I Fjellgardane i Vikedal i Vindafjord held Tore Hundseid Birkeland til. Den tidlegare sauebonden ønskjer oss velkomen til gards med hender dekt av kvae. Her ser me driftsbygningar som strekkjer seg høgt til himmels, men det er kva som er inni dei, som pirrar nysgjerrigheita vår. Her blir nemleg eit grindabygg til.
24.04.2018
Landbruksforvaltninga frå fem fylke var på kurs i landbruksjuridiske emne i Bergen førre veke. Kurset gav fordjuping i mellom anna jord-, konsesjons-, forvaltningslova og avtalerett.
23.04.2018
«Me står saman om felles utfordringar» er ordlyden frå bransjen etter møtet med Fylkesmannen i Rogaland og Mattilsynet.
20.04.2018
Beita er ein viktig ressurs i rogalandsk matproduksjon, og kan i tillegg vere eit viktig grunnlag for attåtnæring.
18.04.2018
Vestlandsk raudkolle og vestlandsk fjordfe er lette rasar som egnar seg spesielt godt til beiting i kystnære strøk, og er derfor ein viktig ressurs for å sikre eit ope kulturlandskap. Har du interesse for urfe og beiting, så bli med på seminar på Bryne vidaregåande skule laurdag 26. mai.
Talet på godkjende Inn på tunet-gardar i Noreg har no passert 400. Dette er ein viktig merkedag i arbeidet. Stadig fleire ønsker å komme inn under ordninga. I Rogaland finn du 24 stykk.
17.04.2018
Lamminga er i full gang, og dei første søyene med lam er ute på beite. Dette blir ofte omtala som «vårens vakreste eventyr».
16.04.2018
I samband med Norwegian Travel Workshop (NTW), Noregs største messe for reiseliv, har HANEN Rogaland invitert til ein tre dagars guided busstur med mange stopp. Deltakarane kan sjå, smake og høyre om den lokale matproduksjonen, og vere med på aktivitetar.
13.04.2018
Fylkesmannen var invitert til dialogmøte med kommunestyret i Strand knytt til arealbruk og dispensasjonar. Det er vår vurdering at møtet var nyttig for politikarar i kommunen, det var også nyttig for oss å bli utfordra på kor lista skal leggjast når det gjeld nasjonale og regionale omsyn. I dette ligg også respekten for det lokale sjølvstyret.
10.04.2018