Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fylkesmannen i Rogaland har fått midlar til utdeling for utgreiings- og tilretteleggingtiltak, UTM. Desse skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Tiltak som gjeld utvikling av økologisk landbruk kan også få tilskot. Ingen søknadsfrist!
19.12.2018
Bokn kommune har laga planprogram for ny samfunnsdel til kommuneplanen, som gir rammer for utvikling av kommunen fram til 2030. Vi har utfordra Bokn på ulike sektorområde, og peikar også på at framtidig kommunestruktur bør vere tema i kommuneplanen.
Rogaland har i forhold til mengd husdyrgjødsel, fosforproblematikk og eksisterande infrastruktur for gass unike føresetnader for biogassproduksjon. Nyleg fekk forprosjektet «Biogass/biorestproduksjon som bærekraftig gjødselhåndteringsstrategi på Jæren» støtte frå Regionalt Forskingsfond Vest.
Høyringsmøtet om nytt Regionalt miljøprogram for Rogaland 2019 – 2022 hadde om lag 30 deltakarar.
18.12.2018
Tilsynsprosjekt i husdyrnæringa har avdekka at bøndene må bli betre på dyrevelferd. Bransjen svarer med tiltak og auka aktivitet. Det handlar ikkje om fleire krav, men om å bruke- og dele kunnskap.
Fylkesmannen har snart behandla ferdig alle søknadene om avlingsskadeerstatning. Det er sendt inn 857 søknader i Rogaland, av desse er 761 utbetalt. Vi satsar på å vere ferdig med alle sakene i løpet av veka.
17.12.2018
Frå 15. oktober 2018 blei det åpna opp for at personar som eig og/eller leigar ein landbrukseigedom kan få autorisasjon for å bruke enkelte gnagermiddel.
14.12.2018
Randaberg kommune har gjort eit grundig og godt arbeid med kommuneplanen for 2018-2030. Jordvern, nullvekst, folkehelse og gode prinsipp for utvikling i sentrum og tettstadene kjem tydeleg fram i planen.
13.12.2018
Landbrukspartnarskapet sette kufjøs, hønsehus og miljøtiltak på dagsorden på møtet 11. desember.
Lise Brunborg og Kolbjørn Anda er blant dei tre beste i landet i konkurransen om årets bedriftsutviklingspris i landbruket. Tidlegare i haust fekk dei Bygdeutviklingsprisen i Rogaland, og nå er vi spente på om dei vil vinne den nasjonale prisen på 250 000 kr.
I Ulladalen i Suldal blei det i sommar sett opp eit nytt fjøs der konstruksjonen er ei blanding av tradisjonsbygg og nyutvikla byggekonsept. No er bygget heidra med byggeskikkprisen i Suldal.
07.12.2018
Sidan 2010 er det blitt 146 fleire bruk med ammeku i Rogaland. Mange nye produsentar vil gi betydeleg meir kjøt i ein marknad som snart vil mettast.
03.12.2018