Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Skal alle mjølkeprodusentar i Rogaland klare kravet om lausdrift, så må det byggast opp mot 50 fjøs i året fram mot 2034. Rogaland har om lag 1200 mjølkeprodusentar som står for 20 prosent av produksjonen i Noreg. Framleis er det om lag 700 båsfjøs i fylket.
20.05.2019
Parkeringsplassen på Bore strand er oppgradert, og i denne veka blei det opna eit nytt bygg med toalett og dusj som toler vêr og vind.
16.05.2019
Nyheita om desse rekordtidlege, smaksrike bæra har nådd Tigerstaden, og nå skal kongen og dronninga få nyte dei på sjølvaste 17. mai.
Sidan 2014 har vi hatt ei svært målretta satsing på å få opp fruktproduksjonen i fylket. Godt samarbeid med næringa, godt koordinert arbeid mellom mobiliseringsaktivitetar og strategisk bruk av IBU-midlane har gitt resultat. I perioden 2015–2019 blei det planta 485 dekar med eple, 70 dekar med morellar i tunell, 9 dekar plommer og 20 dekar pære
I Rogaland har vi i over 13 år vore tru mot nokre hovudstrategiar for bruken av dei regionale midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket, IBU-midlane. Vi meiner det er ein av årsakene til at distriktsjordbruket framleis står for 40 prosent av verdiskapinga i Rogalands-jordbruket.
15.05.2019
Målet med kvalitetsreforma "Leve hele livet" er eit meir aldersvenleg Noreg, og i det ligg det blant anna å motivere til matglede og betre matomsorg.
14.05.2019
Pernille B. Dahle har i praksisperioden på landbruksavdelinga kartlagt svinebønder i Rogaland sine haldningar og kunnskapar knytt til dyrehelse. Resultata viser at dei aller fleste har gode rutinar for smittevern.
13.05.2019
Det har vore fleire oppslag om frostskadar i frukt på Austlandet. Det kan sjå ut som det har gått bra i Rogaland.
10.05.2019
Astrid Brommeland er næringsutviklar hos Fylkesmannen og jobbar til dagleg i Suldal kommune. Bondevennen har laga ein innsiktsfull reportasje om Astrid og hennar etablerarar.
Programmet er spekket med gode, faglege innlegg, og det er stas at statsrådane Olaug Bollestad og Sylvi Listhaug har meldt at dei kjem. Eit meir aldersvenleg Noreg er noko som begge to er særs oppteken av.
Gunvor og Gaute Urdal frå Indre Evja i Sokndal driv med mangesysleri, og har gjort ein stor innsats for å bygga opp driftsgrunnlaget basert på ressursane på garden. Større optimistar skal du leite lenge etter.
07.05.2019
Ole Martin Leirflåt på Ualand i Lund kommune går føre og har bygd klimasmart kyllingfjøs. Skogsflis og solceller forsyner kyllingfjøset med fornybar energi.
06.05.2019