Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fylkesmannen i Vestland har gitt kommunane fristar for tilvising/utbetaling i fagsystemet ØKS (Økonomisystem for Skogordningene).
11.11.2020
Vi inviterar sakshandsamarar for produksjonstilskot i kommunane i Vestland til nettmøte med tema vanleg produksjon og avkorting.
10.11.2020
Innvik fruktlager, Norsk landbruksrådgiving Vest og Fylkesmannen i Vestland inviterer til fagdag som webinar pga. smittesituasjonen. Webinaret vert i to bolkar på Teams torsdag 12. november og måndag 16. november.
Korleis kan du bidra til næringsutvikling, arbeidsplassar og ny aktivitet i ei tid der samfunnet treng nyskaping og omstilling? Korleis få til gode møte og god rettleiing for bønder som vil skape noko nytt og utvikle verksemda si?
09.11.2020
Fylkesmannen inviterer til webinar om skogen si rolle for klimaet, med vekt på grunnleggjande kunnskap og praktiske råd.
06.11.2020
Fylkesmannen i Vestland har fått tildelt eitt av fire utvalde pilotprosjekt i satsinga Inn på tunet-løftet 2. Prosjekta skal bidra til å gjere landbruket endå meir synleg, kompetent og attraktivt som samarbeidspartnar for kommunane.
05.11.2020
Førre fredag var interesserte sauebønder i Kvinnherad samla i fjellet for å lære meir om verdi og skjøtsel av utmarks-/fjellbeite.
04.11.2020
Mange stader ønskjer å ha Norges høgaste tre, og det er jamt på toppen. Torsdag 29. oktober vart kjempe-edelgrana i Kaupanger målt til 51,1 meter, og er no ei greinlengd framfor sitkagrana i Bergen.
29.10.2020
No er marknadshagane også komne til Noreg for å bli. Det er ein internasjonal modell for allsidig småskala produksjon av grønsaker. Målet er å skape ein lønnsam produksjon, og omsetje lokalt
28.10.2020
Vestlandet har rikeleg med godt eigna areal for skogplanting for auka CO2 opptak. Det nasjonale pilotprosjektet «Planting av skog på nye arealer» vart avslutta i fjor og gav mange svar.
23.10.2020