Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Det er berre lov til å spreie husdyrgjødsel på godkjent spreieareal, og det må vera nok spreieareal i høve til dyretalet. Her finn du diverse skjema og malar for spreieareal og bruk av husdyrgjødsel.
30.09.2020, Endra 20.04.2023
Landbruks- og matdepartementet har fastsett endringar i forskrift om nydyrking. Det er innført forbod mot dyrking av myr frå 02.06.2020, men kommunen kan likevel tillate dyrking av myr når bestemte vilkår er oppfylte.
30.09.2020
Forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket er endra, slik at det ikkje lenger er krav om å ha eit føretak for å kunne få SMIL-tilskot.
29.09.2020
Fylkesmannen i Vestland inviterer kommunane til nettmøte onsdag 28. oktober der Landbruks- og matdepartementet og Bondelaget presenterer klimaavtalen mellom staten og næringa.
24.09.2020
Fylkesmannen i Vestland inviterer kommunane til ein times webinar om RMP-ordninga tilskot til drift av beitelag tysdag 3. og torsdag 5. november kl 10-11. Det blir same program begge dagane.
23.09.2020
Kommunane har ytra ønske om fagleg påfyll om klima og landbruk, og Fylkesmannen i Vestland vil legge til rette for kunnskapsoppbygging og erfaringsutveksling innan temaet.
Fylkesmannen i Vestland inviterer kommunane til webinar om to landbruksjuridiske emne tysdag 13. oktober.
21.09.2020
Noko av det mest klimakloke ein bonde kan gjere, er å byggje gardsbygningar i tremateriale så kortreist som mogleg. Men har vi kompetente rådgjevarar, leverandørar og entreprenørar i Noreg som kan byggje med tre?
15.09.2020
Fylkesmannen i Vestland inviterer landbruksforvaltninga i kommunane til webinar om spreieareal 1. oktober. Det blir oppklaring om regelverk angåande spreieareal, tips til handtering, samt høve til å ta opp problemstillingar.
14.09.2020
Årleg høgg skogeigarar i Vestland fylke ca. 7000 daa med granskog. Hogst er eit avgjerande moment i skogen sitt liv. Skogeigaren må ta viktige, og helst riktige, avgjersler til rett tid. Dette er som å kjøpe hus – det står pengar på spel og skjer ikkje akkurat kvar dag.
07.09.2020