Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Du kan no få tilskot om du tek omsyn til åkerrikse, vipe og storspove i slåtten.
28.05.2020
Midlane til fylkesvise prosjekt i Vestland frå Klima- og miljøprogrammet er fordelte for 2020. Prosjekt som styrkar kunnskapsgrunnlaget om klimavennleg driftspraksis vart prioriterte.
27.05.2020
Når du tek ein bit av årets første norske jordbær, kan du godt sende ein takk til biene. Desse insekta er heilt nødvendige for at økosystem og samfunn skal fungere.
26.05.2020
Klima og vêr er ikkje det same. Vêr er det som er ute kvar dag, klima er gjennomsnittet av vêret over lang tid. Målingar gjort over tid av til dømes temperatur, nedbør og ismengde, viser at klimaet endrar seg. Middeltemperaturen på jorda har auka med ca. 10 C sidan førindustriell tid. Utslepp til luft av ulike gassar fører til miljøproblem som klimaendringar og forsuring.
19.05.2020
Fylkesmannen inviterer til eit webinar om planteaktivitet i fylket, tilskotsforvaltning, skadegjerarar i planta skog, skogplanteforedling og -kvalitet.
13.05.2020
Landbruksdirektoratet har fått mange spørsmål som gjeld veterinærar i samband med utbrot av korona. I samarbeid med Mattilsynet har dei laga eit notat som svarar på ein del av desse problemstillingane dei har fått.
11.05.2020
Den store interessa for Fanaosten etter World Cheese Awards i Bergen i 2018 kan bidra til å bringa ost frå Ostegården til delikatessebutikkar i København og London.
06.05.2020
På same måte som for all anna gjødsel, er det krav om at hestegjødsel blir lagra og brukt på ein slik måte at det ikkje fører til forureining eller fare for smitte.
05.05.2020, Endra 30.04.2024
Organisasjonar og institusjonar kan søkje Landbruksdirektoratet om tilskot til nasjonale eller fylkesoverskridande tilretteleggingstiltak innan næringsutvikling og kompetanseheving med mål om auka verdiskaping i landbruket.
28.04.2020
Landbruksdirektoratet har endra praksisen for bruk av skogfond for skogeigarar som ikkje er MVA-pliktige. Dei kan no nytte skogfond med skattefordel til også å dekke meirverdiavgifta på investeringa.
23.04.2020