Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Varene er levert - nå gler produsentane og reiselivsbedriftane seg til å gjere ein innsats på Grüne Woche.
11.01.2018
Mange bønder fekk ikkje køyrt ut all husdyrgjødsla i 2017 på grunn av dei vanskelege vêrforholda. Det gjer at dei no har meir husdyrgjødsel enn vanleg til utspreiing og fordeling i vekstsesongen 2018.
I dei fleste tilfella er det ikkje særleg tvil knytt til om eit tiltak skal vurderast som ei massefylling eller jordforbetringstiltak, men det finst gråsoner.
10.01.2018
I rapport 2017/14 «Nedbygging av jordbruksareal» utarbeida av Statistisk sentralbyrå (SSB) og Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er den faktiske nedbygginga av jordbruksareal i åra 2004-2015 kartlagt. I Rogaland er det i perioden bygd ned totalt 16 923 dekar jordbruksjord, kor 16 % eller 2 715 dekar er bygd ned til landbruksformål. Kor vi plasserer bygga og planlegg tunet har mykje å sei for arealbeslaget.
20.12.2017
Har du ein skog som skal hoggast? Da bør du også planlegge planting. I den andre artikkelen i Skogserien får du vite det viktigaste du treng å vite om skogplanting.
19.12.2017
Når gode råd er dyre, spør ein skogbrukssjef! I ein serie artiklar frå Bondevennen skriv personar som jobber med skog i Rogaland om lønnsemd og gode tiltak i skogen. Første artikkel handlar om kva som er rett tidspunkt for hogst, og kor du bør søke råd.
13.12.2017
Landbruksnæringa bygg sjølv ned jordbruksjord, i Rogaland stod næringa aleine for 26% av nedbygginga mellom 2004 og 2015. I mange tilfelle finst det ikkje gode alternativ til bygging på dyrka mark i samband med oppføring av driftsbygningar. Kommunane bør likevel legge større vekt på jordvern i handtering av byggesaker som gjeld oppføring av landbruksbygg.
08.12.2017
NLR Rogaland inviterte til fagsamling om potet på Bryne 6. desember. Oppslutninga var bra, med over 30 engasjerte deltakarar. Under samlinga fremheva Jæren potetpakkeri og Hoff at vi treng fleire i regionen som satsar på potet.
06.12.2017
Utgreiings- og tilretteleggingsmidlane, UTM skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Tiltak som gjeld utvikling av økologisk landbruk kan også få tilskot.
04.12.2017
Fylkesmannen arrangerte dialogmøte med landbruksforvaltninga 28.november på Clarion hotell Energy. Det var mange interessante foredrag, mellom anna fortalde Olav Tørresdal frå Mattilsynet om vedtak i saker som gjeld brudd på dyreveldferdsregelverket. Marit Sundsvik Bendixen fortalte om forureining i landbruket og at situasjonen hadde vore betre på Jæren, dersom regelverket hadde blitt fulgt. No kan du lesa foredraga frå konferansen her.
Kapasiteten er ikkje utnytta godt nok i dette store utbyggingsområdet. Det er større potensiale til å balansere variasjonen i bustader og felles løysingar, som grøntområde og parkering. Høg utnytting er ein viktig føresetnad for eit betre jordvern og redusert transport. Dei nasjonale måla om innskjerping av nedbygginga av jordbruksareal tilseier høgare utnytting i framtidige planar. Forslaget sikrar heller ikkje tilstrekkeleg ute- og leikeareal med god kvalitet.
22.11.2017
Tidlegare i haust vert det tatt initiativ til ei ny tredrivarsatsing i fylket. Dette jobbar Rogaland Treforum no med å få i gang. Prosjektet har som mål å få auka kunnskap om trebruk, og bidra til fleire klimavennlege bygg i regionen.