Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Ikkje gå glipp av fag- og inspirasjonssamlinga på Rennesøy. Samlinga er ein møtestad for bønder med eller utan økologisk produksjon, rådgjeving, tilsette i kommunane og alle andre som er interesserte i økologisk landbruk.
22.11.2017
Ressursgruppa for jordvernstrategien har hatt to møte denne hausten, 20. desember er datoen for neste møte. Då skal første utkast til strategidokument diskuterast. Det er særleg mål og tiltaksdel som er viktig, og som også er krevjande å konkretisere.
21.11.2017
Bo Jensen er ein dedikert og fullkomen ystar, og det beviste han til det fulle ved at osten "Lille Aske" fekk tildelt utmerkinga Super gull under oste-VM i London i helga.
20.11.2017
Det blir arrangert feltkurs av hjortevilt på Randøy skule 14.desember.
16.11.2017
Landbruks- og matdepartementet har hatt på høyring forslag om forbod mot nydyrking av myr. Endringane er foreslått med utgangspunkt i klimaomsyn. Fylkesmannen har gitt sin uttale til forslaget om endring av nydyrkningsforskrifta.
Storfeprodusentar i Rogaland inviterast til informasjonsmøte om smitteførebygging.
Kriteria for å få tilskot til investering i frukt- og bærproduksjon er blitt reviderte. Den største endringa er at tunnelproduksjon av morellar og bær har fått innpass.
Direktorata tok turen til Rogaland i går for å legga fram arbeidet med ny gjødselvareforskrift og få innspel. Over 90 personar møtte for å høyra om kva som kan bli endringane i den nye forskrifta som etter planen skal sendast på høyring i 2018.
15.11.2017
Husdyrproduksjonen i Rogaland er sårbar på grunn av stor dyretettleik, nærleik til kontinentet, mykje reiseaktivitet, stort omfang av utanlandsk arbeidskraft, handel med maskinar og utstyr og nå i det siste med aukande import av dyr (spesielt kjæledyr).
14.11.2017
Kommunal- og moderniseringsdepartementet og landbruks- og matdepartementet har utgitt ein ny rettleiar til plan- og bygningslova om byggje- og anleggstiltak i samband med landbruket. Rettleiaren erstattar Landbruk pluss, T 1443 frå 2005.
08.11.2017
Jone Wiig Gartneri er tildelt Bygdeutviklingsprisen for 2017 for sitt store engasjement for vidareutvikling av grønsaksnæringa og for utvikling av innovative produkt.
07.11.2017