Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
I Rogaland har 240 føretak søkt om erstatning for klimabetinga avlingssvikt etter ein regnfull sommar og haust. Søknadene blir nå behandla av kommunane. Kommunane gir uttale i sakene, og Fylkesmannen gjer vedtak.
07.11.2017
Utvida lagerkapasitet for husdyrgjødsel vil vere ei god investering både av omsyn til økonomi, agronomi, forureining og klima. Veret dette året har gitt oss ein ekstra god grunn til å vurdere bygging av nytt gjødsellager, særleg i område langs utsette vassdrag.
02.11.2017
Bedrifter frå Rogaland skal som ein del av vestlandet representere Fjord Noreg på Internationale Grüne Woche i Berlin 19. – 28. januar 2018!
01.11.2017
Driv du gard? Vil du finne ut meir om flisfyringsanlegg som oppvarmingskjelde på garden din? Bli med på inspirasjonsdagar i Sandnes og i Vindafjord 16. og 17. november.
Landbruksdirektoratet informerer nå om fôranalysar på grovfôr i erstatningsordninga for klimabetinga avlingssvikt. Fôranalysar kan nyttast når avviket er meir enn 30 % frå norma. Søkjar om erstatning må dokumentera med 2 representative fôranalysar per slått per 200 dekar. Erstatning skal etter dette kunne bli utmålt for tapte fôreiningar.
25.10.2017
I år kan du søke om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid fram til og med søndag 29. oktober. Dersom du ikkje har levert søknaden i løpet av 29. oktober, får du ikkje levert søknaden.
24.10.2017
Arbeidet med regional jordvernstrategi for Rogaland er godt i gang. Andre møte i ressursgruppa vart halde tirsdag 17.10.2017. Tema for dagen var oppfølging av innspel frå førre møte, status for kunnskapsinnhenting og målformulering.
20.10.2017
14. november kjem ansvarlege styresmakter til Sandnes for å leggja fram sentrale problemstillingar og løysningar for bruk og lagring av husdyrgjødsel. Rogaland er kanske det fylket som er mest spent på kva endringane det blir gjødselvareforskrifta. Bønder, politikarar, forvaltning og interesseorganisasjonar er invitert til å teikne seg for innspel.
Regelverket for kva tid søknadsplikta slår inn, er dels basert på skjønnsmessige kriterium og vurderinga vil kunne slå ulikt ut avhengig av kva type område som skal fyllast. Her kjem nokre generelle føringar knytt til søknadsplikt for fyllingar i jordbruksområde.
03.10.2017
Nordmenn kjøper økologisk fordi de meiner det er meir miljøvennleg og gir betre dyrevelferd enn konvensjonell produsert mat.
Fylkesmannen arrangerte tilskotssamling 22. september 2017. Her kjem presentasjonane frå samlinga.
29.09.2017
Frå og med 1. oktober kan du levere del 2 av søknad om produksjonstilskot i jordbruket og avløysartilskot ved ferie og fritid for 2017. Teljedato er 1. oktober.
28.09.2017