Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Onsdag 21. juni blei lovendringar i konsesjonslova sanksjonert av Kongen i Statsråd. Endringane i reglane om priskontroll ved erverv av reine skogeigedomar trer i kraft 1. juli i år. Endringane i heving av arealgrensene for konsesjonsplikt, buplikt og odlingsjord, endringer i konsesjonsplikta ved erverv av ubebygde tomter og endring i reglane om driveplikt trer i kraft 1. september.
22.06.2017
Utgreiings- og tilretteleggingsmidlane, UTM skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, og utvikling av andre landbruksbaserte næringar. Tiltak som gjeld utvikling av økologisk landbruk, kan også få tilskot.
Vitengarden Jærmuseet er ein av Noregs viktigaste formidlarar av grøn naturvitskap, og viser vilje til å sette framtidsaktuelle tema på dagsorden.
21.06.2017
Stortinget har vedteke ein ny jordvernstrategi som seier at jordvernet skal ha auka merksemd når ny arealbruk skal avgjerast. Kva stilling har eigentleg jordvernet når kommunane skal avgjere saker i Rogaland og Hordaland? Spørsmålet blir eit sentralt tema i Haugesund. Du kan melde deg på konferansen allereie nå.
13.06.2017
- Det går fint å dyrke økologiske jordbær i Norge, så lenge ein gjer det under tak. Tunnel er sjølve koden dersom ein vil ha ei stabil avling uansett vêr, meiner rådgjevar Jan Karstein Henriksen i Norsk Landbruksrådgiving Agder (NLR).
06.06.2017
NLR Rogaland inviterer alle interesserte grønsaksprodusentar til markvandring. Ei på Haugalandet 7. juni, og ei på Jæren 8. juni. Her blir det tid til å utveksle erfaringer om tiltak mot ugras og dyrkingsteknikk i økologisk produksjon.
26.05.2017
Bli med til Finnøy 31.mai kl 19-21. Der er det fleire som dyrkar bær i veksthus, og ekspertane seier at ein kan overføre erfaringar frå veksthus til tunnelar.
23.05.2017
Eit samrøystes Fylkesutval bestemte 16. mai 2017 at Rogaland skal få eigen jordvernstrategi. Å finne god balanse mellom vekst og jordvern er krevjande, og Rogaland har i fleire år vore fylket som bygger ned mest matjord. Ein jordvernstrategi vil løfte fram dei regionale utfordringane, og sikre politikarane eit godt vurderingsgrunnlag når dei ulike samfunnsinteressene skal vegast opp mot kvarandre.
22.05.2017
Funn av plantesjukdommen pærebrann i Hjelmeland sommaren 2016, har ført til restriksjonar på flytting av bikuber i kommunen.
19.05.2017
Gardbrukarar er av Statens Vegvesen bedne om å flytte rundballar og andre gjenstandar som ligg langs offentleg veg innan 1. juni 2017, slik at dei er plassert utanfor sikkerheitssona.
18.05.2017
22. og 23.mai møtast beitelaga i Rogaland. Her blir det informert om aktuelle tema, og det er sett av god tid til spørsmål og diskusjon
16.05.2017
Tenk at ein gjeng med fruktdyrkarar kom til Ryfylke for å bli inspirert. For nokre år sidan var dette utenkjeleg.
11.05.2017